Fotballavslutningar

Fotballsesongen er snart slutt for dette året. Tradisjonstru feirar fotballgruppa innsatsen til alle spelarar og trenarar/lagleiarar. Klikk deg vidare for datoar for dei ulike avslutningsfestane.


Avslutningar i Rosendal T.L. for fotballåret 2013 er satt med desse datoane:
onsdag 23. oktober for miniar f.04 – 07, ved kiosken ved grasbanen.
» Invitasjon minifest

Lørdag 16. november vert det ei gild samankomst på Rosendal Turisthotell for trenarar, lagleiarar, spelarar på A-laga, samt alle andre frivillige i fotballgruppa.
» Invitasjon vaksenfest

Søndag 24. november er den store avslutninga for spelarar frå 10 år til og med 16 år, med søsken, føresette, besteforeldre og andre. Her har me vært over 300 stk. dei siste åra, så det vert nok fullt hus.

Merk av datoene, og velkomen til ei trivelig stund.