Fotballfest for aldersbestemte lag
Godt over 300 personar var med på fotballavslutninga for aldersbestemte lag, i dag i samfunnshuset. Gunnar Våge losa dei gjestene gjennom festen på ein framifrå måte.
Festen starta med eit lite innlegg frå formann i fotballgruppa, Sigurd Vikøren. Han roste dugnadsinnsatsen i fortballgruppa. I alt 15000 timar med dugnad vert lagd ned bare i fotballgruppa i løpet av ein sesong. Han kunne og fortelja at av ungar frå 8-12 år var over 60% av alle jenter og over 70% av alle gutar med på fotball i det området Rosendal fotballgruppe rår om. Dette er enormt mange sett i forhold til resten av kommunen der snittet til dømes på jentesida kun er rundt 13%. Etter tale og mykje god mat vart det selt årar. To omgongar med åresal vart det og på siste runden vart det selt for heile 9000,-.
Etter åresal var det klart for premiering. Alle lag frå lillegut/lillejente og opp til gute/jentelag vart premiert for god innsats på fotballbanen i 2008 sesongen. Linn Tveiten, som no spelar for Sandviken, og «71°Nord Wenche» stod for utdelinga av premiar.
Etter vel to timar vart festen avslutta med trekning av loddbøkene. Vinnarane vart lesne opp, resultata skal vi prøve å få lagt ut her etterkvart.
I mellomtida kan det ta ein kikk på bilete frå festen.
Vi takkar alle som har bidrege for fotballgruppa i sesongen!