Fotballkretsen sin fotballskule for årgang 2002
Fotballkretsen fotballskule for årgang 2002 startar opp i Rosendal onsdag 4. mars, kl. 17:30 – 19:30, og går vidare med onsdag og fredag i to og ei halv veke (5 gonger). Denne gongen er det rekordpåmelding med 26 gutar og 16 jenter, totalt 42 stk. Klubbane har nominert spelarar frå Trio, Odda, Rosendal, Uskedal, Halsnøy, Røldal og Solnut. Trenarar i aldersbestemt fotball bør ta turen på kunstgrasbanen og få med seg treningsmetodane.