Fotballskule – Hordaland fotballkrets
Hordaland Fotballkrets sin fotballskule for Kvinnherad har vore avvikla i Rosendal over fem kveldar dei to siste vekene. Dei beste er vidare og skal til slutt verte kretslaget for Hordaland. Dette er gutar og jenter født i 98. For heile Hordaland er 500 gutar og jenter tekne ut i fyrste runde.
Til slutt står dei igjen med 20 spelarar som skal danne kretslaget. Så nålauga for å komme med er ikkje stort.
Eivind Nissestad og Bjarte Solheim har leia treningane for Kvinnherad, noko dei har gjort på ein flott måte. 14 spelarar har vore med og frå Rosendal var desse med: Mone Førland, Håvard T. Hunstad, Marius Myklebust og Kjartan Tungesvik.