Frå Askøy med siger

Rosendal2 J16 reiste laurdag til Askøy for å spele kamp mot Ask. Etter endt kamp kunne vi reise heim med ein fortent 5-3 siger, etter å ha leia 3-1 til pause.

Dette var andre bortekamp på rad mot øylag utanfor Bergen. Etter å ha tapt forrige kamp mot Sotra var det ein spent jentegjeng som reiste til Askøy.

Rosendal gjekk opp i leiing 1-0 etter ein god corner frå Mone som gjekk via motstander og i mål. Ask kontra inn 1-1, men før pause satte Ingeborg inn 2 mål etter fine gjennomspel. I andre omgang scora Ingeborg 2 til. Vi hadde nok sjanser til å få tosifra, men avslutta for ofte rett på motstander sin målvakt eller rett utanfor.

I forrige kamp hadde vi for stor respekt for motstandar og var for lite «på». Dette hadde vi fokus på før kamp, noko som viste igjen i kampen. Vi hadde det meste av banespelet, mens Ask var farlege på kontringar. Eit godt forsvar saman med ein vaken målvakt rydda godt opp, og vi følte at vi hadde god kontroll i store deler av kampen. Då vi leia 5-1 10 minutt før slutt mista vi konsentrasjonen i ein periode og slapp inn to kontringsmål. Dette skapte unødvendig spenning mot slutten, så vi var glad då ein god dommar blåste for full tid.

God innsats frå alle, og ein stor takk til 99-jentene som var med og bidrog til resultatet.

Målscorar: Ingeborg S Ljostveit (4), eitt sjølvmål

Desse var med: Thea A Helgesen, Kristine Tveit, Marit D Guddal, Leonie Pauline Zimmermann, Elisabeth Rebaudo, Mone Andrea T Førland, Renate Alfarnes, Helena Riise, Yasmym Nunes, Ingeborg S Ljostveit, Nathalie S Olderkjær, Maria O Hardeland, Mari K Leganger, Sara Guddal og Mailin Klette