Friidrett

Informasjon om friidrettsgruppa

Her vil vi leggja ut informasjon som er knytt til friidrettsgruppa i Rosendal Turnlag.

Sjå også lenkjene i menyen til venstre.


Siste artiklar om friidrett

  • Presisering kring basistrening 12. november 2012
    I samarbeid med Olympiatoppen køyrer vi basistrening i gymsalen kvar tysdag 18.00 – 19.15 fram til jul. Første økta går tysdag 13. november. Basistreninga kan i periodar være intens i og teknisk krevjande. Tilrådinga frå Olympiatoppen er å tilby opplegget frå 12-13 år og oppover.Yngre utøvarar enn 12 år kan delta, men må då være særleg motiverte, ...
  • Reultat frå lagmeisterskapen i friidrett 29. oktober 2012
    Sundag var det lagmeisterskap i friidrett på stadion. Resultata finn du ved å klikka deg vidare. » Resultat
  • Stemneplan for lagmeisterskap 26. oktober 2012
    Stemneplanen for lagmeisterskapet i friidrett er lagt ut. Klikk deg vidare for å sjå planen. » Stemneplan
  • Lagsmeisterskapen i friidrett er utsett ei veke 15. oktober 2012
    På grunn av skulearrangement har fleire årsklassar plikter frå kl. 1400 søndag den 21. oktober. Det medfører at dei må forlate stadion midt i stemnet. Vi har difor bestemt å utsetje lagsmeisterskapen til søndag den 28. oktober. Friidrettsgruppa
  • Kvinnheradsmeisterskap i Friidrett 17. september 2012
    Det er meldt flott ver laurdag den 22. september og Trio har bestemt å avvikle Kvinnheradsmeisterskapen på ein dag. Alle øvingane blir dermed avvikla laurdag 22. september. Stemnestart er kl. 12.00 og vi reiser frå samfunnshuset kl. 10.45. ØvingsprogramHopp: lengde og høgde, Kast: kule og diskosLøp: 60/100m og 600/800m. Stemne vert avslutta med 4x100m stafett i ulike ...
  • Haustcamp på Voss 31. august 2012
    Haustcampen for dei født mellom 1997 og 2001, blir også i år arrangert på Voss, med opphold på Bømoen leir. Det vil bli eit vidt spekter av aktivitetar og spennande utfordringar for alle. Kryss av i kalenderen og sjå fram til kjekke dagar på Voss! Program ligg nå ute!
  • Oppstart friidrett 22. august 2012
    Friidretten starter opp tysdag 28. august kl. 18.00.Gjeld alle frå 5. klasse og oppover. Både inne og ute sko/tøy.Foreldremøte for alle med ungar i 1-4 klasse i gymsalen torsdag den 30. for å gå gjennom planane for idrettsskule for desse årskulla.Møtet byrjar kl 18.00. Friidrettsgruppa i RTL prøver å få i gong idrettsskulen i full breidde ...
  • Triostafetten laurdag 19. mai 9. mai 2012
    Vi skal prøve å stille mange lag på Triostafetten laurdag 19. mai. Stafetten går som vanleg på Valen og startar kl. 12.15. No prøver vi å mobilisere både dei som er aktive og dei som har vore aktive i Rosendal Turnlag. Vi vann det meste der ute i fjor og har tenkt å gjere det ...
  • God innsats på Fana Stadion 30. april 2012
    RTL stilte med 5 deltakarar på Fana laikane i år. Vi deltok laurdagen og alle fem sette ei rad personlege rekordar. Det var også målet for dagen. Tord tok ein flott bronsemedalje i spyd for G-11 med eit lengstekast på 18,85m. (400gr. Spyd). I  G-15 tok Anders 3 medlajar. Bronse i spyd, sølv i lengde ...
  • Idrettsskulen startar opp att 10. april 2012
    Idrettsskulen startar opp att torsdag 12. april kl.18.00. Tilbodet er retta mot jenter og gutar 1. – 4. klasse. Oppmøte i gymsalen.    Idrettsskulen har som mål at deltakarane skal få prøve seg i dei fleste idrettsgreiner. Det meste skjer som ein kombinasjon av idrett og leik. Det vert lagt vekt på aktivitet som er motorisk utviklande og idrettsleg stimulerande. Idrettsskulen vil halde ...