Friidrett

Informasjon om friidrettsgruppa

Her vil vi leggja ut informasjon som er knytt til friidrettsgruppa i Rosendal Turnlag.

Sjå også lenkjene i menyen til venstre.


Siste artiklar om friidrett

  • Stemneplan for lagmeisterskap 26. oktober 2012
    Stemneplanen for lagmeisterskapet i friidrett er lagt ut. Klikk deg vidare for å sjå planen. » Stemneplan
  • Lagsmeisterskapen i friidrett er utsett ei veke 15. oktober 2012
    På grunn av skulearrangement har fleire årsklassar plikter frå kl. 1400 søndag den 21. oktober. Det medfører at dei må forlate stadion midt i stemnet. Vi har difor bestemt å utsetje lagsmeisterskapen til søndag den 28. oktober. Friidrettsgruppa
  • Kvinnheradsmeisterskap i Friidrett 17. september 2012
    Det er meldt flott ver laurdag den 22. september og Trio har bestemt å avvikle Kvinnheradsmeisterskapen på ein dag. Alle øvingane blir dermed avvikla laurdag 22. september. Stemnestart er kl. 12.00 og vi reiser frå samfunnshuset kl. 10.45. ØvingsprogramHopp: lengde og høgde, Kast: kule og diskosLøp: 60/100m og 600/800m. Stemne vert avslutta med 4x100m stafett i ulike ...
  • Haustcamp på Voss 31. august 2012
    Haustcampen for dei født mellom 1997 og 2001, blir også i år arrangert på Voss, med opphold på Bømoen leir. Det vil bli eit vidt spekter av aktivitetar og spennande utfordringar for alle. Kryss av i kalenderen og sjå fram til kjekke dagar på Voss! Program ligg nå ute!
  • Oppstart friidrett 22. august 2012
    Friidretten starter opp tysdag 28. august kl. 18.00.Gjeld alle frå 5. klasse og oppover. Både inne og ute sko/tøy.Foreldremøte for alle med ungar i 1-4 klasse i gymsalen torsdag den 30. for å gå gjennom planane for idrettsskule for desse årskulla.Møtet byrjar kl 18.00. Friidrettsgruppa i RTL prøver å få i gong idrettsskulen i full breidde ...
  • Triostafetten laurdag 19. mai 9. mai 2012
    Vi skal prøve å stille mange lag på Triostafetten laurdag 19. mai. Stafetten går som vanleg på Valen og startar kl. 12.15. No prøver vi å mobilisere både dei som er aktive og dei som har vore aktive i Rosendal Turnlag. Vi vann det meste der ute i fjor og har tenkt å gjere det ...
  • God innsats på Fana Stadion 30. april 2012
    RTL stilte med 5 deltakarar på Fana laikane i år. Vi deltok laurdagen og alle fem sette ei rad personlege rekordar. Det var også målet for dagen. Tord tok ein flott bronsemedalje i spyd for G-11 med eit lengstekast på 18,85m. (400gr. Spyd). I  G-15 tok Anders 3 medlajar. Bronse i spyd, sølv i lengde ...
  • Idrettsskulen startar opp att 10. april 2012
    Idrettsskulen startar opp att torsdag 12. april kl.18.00. Tilbodet er retta mot jenter og gutar 1. – 4. klasse. Oppmøte i gymsalen.    Idrettsskulen har som mål at deltakarane skal få prøve seg i dei fleste idrettsgreiner. Det meste skjer som ein kombinasjon av idrett og leik. Det vert lagt vekt på aktivitet som er motorisk utviklande og idrettsleg stimulerande. Idrettsskulen vil halde ...
  • Folk i form til NM 30. mars 2012
    Søndag 12. august 2012 skal NM i motbakkeløp haldast i Rosendal. Saman med Fjellstreif skal Friidrettsgruppa i Rosendal Turnlag og ei mengd bygdefolk skape eit flott NM arrangement. Rosendal Turnlag vil at flest mogleg skal inspirerast til å kome i litt betre form og vil nytte tidsrommet fram til motbakke NM som ein ekstra motivasjon. ...
  • Oppstart friidrett 8. mars 2012
    Tysdag 13. mars klokka 18:00er det sesongstart for friidretten. Velkomne på trening!