Fullt hus på fotballavslutninga

Det vart ei flott ramme rundt fotballavslutninga i Samfunnshuset forrige sundag. Som vanleg trakk festen fullt hus, og det vart delt ut mange velfortente prisar og medaljar. Willy Kalsås vart utnemnd til æresmedlem i laget og vert då det 8. æresmedlem i Rosendal Turnalag si historie.

To familier fekk blomar og heder for sin gode innsats i fotballgruppa, dette var familien Skår/Olderkjær og familien Sætrevik. Det vart òg blomar til alle fair play personane i 2014.

Dommarane fekk  medaljar for god innsats med fløyta og alle spelarar fekk utmerking for deltaking, samt for treningsframmøte. Jenter 16 fekk bronse for 3.plass i serien, og gutane fekk medaljar frå klubb og krets for siger i serien.

Åresal er fast innslag på desse festane, og som alltid vart det to rundar der det vart seldt 1200 årar i kvar omgong.

Mykje god mat gjorde at drøsen gjekk godt rundt borda. Johnny Furdal var med og delte ut medaljer, noko som var populært blant spelarane.

Gunnar Våge leia det heile i kjend stil, noko som bidrog til at det blei ein flott søndagsettermiddag.

Ei stor takk til alle som deltok, kjøpte lodd og bidrog til gevinst til både åre og lotteriet.

Beste helsing
Rosendal Turnlag Fotball

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.