Fyrste poengtap for J14

Tysdag reiste j 14 til Tysnes for ein vanskeleg bortekamp mot Njardar, eit av dei bedre laga i pulja. Det skulle vise seg å bli ein tøff batalje. Fyrste omgang vart jamnspela, med enkelte sjangsar til begge lag. Fekk ikkje til pasningspelet heilt på den noko smale 7-ar banen. Delvis på grunn av litt feil fokus og kanskje litt på grunn av ein kampball med eit minimum av luft. Omgangen ebbar ut utan nettkjenning til nokon av laga.


Etter pausen bølgar spelet fram og tilbake, og heimelaget er nærast mål når ballen treff stolpen. Slepp dei til litt for mange sjangsar når vi enten vel feil løysingar eller er for ubesluttsomme. Mot slutten tek vi litt meir over og har nokon gode muligheter til å sette ballen i mål, men det ville seg ikkje. Dermed endar det 0-0 og poengdeling. Møtte eit fysisk sterkt lag denne gang, minst like aggressive som det vi var. Kampar som dette må vi rekne med å møte m.a i Norway Cup seinare.
Spelar bra i periodar og enkelte viser at formen er inntakt. Åshild i mål gjorde og ein god kamp og har sin del av æra for at vi ikkje slapp inn mål for fjerde kamp på rad!
Ein god kamp mellom to bra lag, men litt mykje syting på dommar og motspelarar frå heimelaget si side.

Neste kamp er 4.juni heime mot Granvin.

LK