Fyrste serietap for G12

Tysdag kveld var det klart for andre bortekamp. Denne gongen var det Solnut som stod for tur. Vi var 12 spelarar som reiste, og vi hadde trua.


Då vi kom fram, var det nokon som kommenterte dei store spelarane på motstandarlaget. Det viste seg at dei hadde med eitpar overårige. Men det skal ikkje hindra oss i å spela god fotball, i alle fall ikkje i utgangspunktet.

Kunstgraset til Solnut var særs tørt og «treigt» og gutane våre fekk ikkje fart på ballen. Passningane vart ofte for korte, og vi kom ikkje heilt inn i kampen. Likevel gjekk vi opp i 1-0 leiing etter att Jarand vart felt innafor «7. meteren» og Sander satte straffen kontant i nota. Vi skapte eindel sjansar, men Solnut greide like før pause og utlikna til 1-1.

I andre omgong vart vi liggjande for langt bakpå. Vi prøvde å spele oss ut, men eit aggressivt Solnut hindra oss å koma ut av eiga sone. Dette resulterte til slutt i mål for Solnut, fyrst 2-1 og vidare til 3-1.

No greide vi å heva laget litt og skapte eindel sjansar, men målvakta til Solnut hadde 4 vanvittige beinparadar og hindra oss i å skåra. I staden gjekk heimelaget opp og skåra 2 mål til. Stillinga vart 5-1 til heimelaget.

Gutane er allereie fulle av revansjelyst til heimekampen.

Desse var med (mål i parantes):

Ola, Sander (1), Marcus, Lars, Øystein, Torstein, Tord, Torbjørn, Marius, Sebastian, Simon og Jarand.