G.16 Arna-Bjørnar- Rosendal

Mykje aktivitet på bane anlegga til Arna-Bjørnar. Då me ankom var det sone/kretssamling med fleire jentelag på anlegget. Noko som medførte at enkelte av spelerane sleit med å halda fokus under oppvarminga.


Rosendal sleit med å komma igang den første halvtimen. Arna-Bjørnar var på hugget og skora både 1-0 og 2-0 før Rosendal forstod alvoret. Strålande spel av Rosendal på utligning 2-1 med kollektivt driv i god bredde på ei kontring. Marius Myklebust med ball, sender videre til Henrik Bauge som kommer på ein overlapp på venstrekanten, Henrik sikker med ballen og puttar utagbart for keeper, herligt!

Kampen bølgar litt fram og tilbake når det nermar seg pause. Hermund Døssland slå erin pasning til Simon Korttila i bakrommet, litt lang pasning som ser ut til å gå til keeper, men Simon kjempar heilt inn og er først på ballen med hode og får full uttelling, stillinga 2-2 til pause.

2.omgangen fortsetter med at det bølgar litt fram og tilbake med halvsjansar til begge laga, men så blir det straffe til Arna-Bjørnar grunna ein uheldig hands innanfor 16. meteren. Ballen spretter opp i armane til Vegard Ripel og reglane er klare. Olav Lernes som målvakt er skikkelig tent og er like ved å redda straffen, han får ei hånd på ballen, slår den akkurat innanfor stanga. Ein god straffe, men eit hederlig forsøk fra vår gode keeper Olav.

Rosendal leverar ein godkjent kamp, men spelar ikkje opp mot sitt beste. Me er litt lite agressive i midtbaneleddet, litt dårlige utspark fra 5. meteren som Arna-Bjørnar bryter tidlig på vår banehalvdel. Simon blir låst godt opp av ein meget god stoppar. Arna-Bjørnar framstår som eit godt lag og me er i grunn fornøgd med at me er «med» i kampen. Me skapar farlige sjansar me også.

Innlegg fra Simon fra høgrekanten, Kurt Raymond med litt dårlig treff på 5. meteren og desverre over mål. Simon aleina med keeper, bremsar desverre litt ned når utslagsfinten kommer og keeper får slått til corner. Håvard Hunstad med flott driv på høgre kanten, hardt skudd som går til sida for mål.

Arna-Bjørnar punkterar kampen med 4-2 skoringen og det blir også sluttresultatet.

No er det bare å lada opp til storkamp heima mot Trio/Halsnøy på tordag kl. 20.00. Møt opp og støtt gutalaget med lagets 12.mann denna kvelden!

Målskorerar: Simon Korttila (1mål), Henrik Bauge(1-mål)
Gule kort: Eit til Arna-Bjørnar(var til tider litt etterslengerar).

Desse var med: Olav Lernes,Kurt Raymond Jegteberg(kaptein),Vegard Ripel,Kjartan Tungesvik,Alexander Fredheim,Eivind Haavik,Hermund Døssland,Marius Myklebust,Henrik Bauge,Vegar Bauge og Simon Korttila.
Innbyttere: Torbjørn Omvik,Mathias Guddal,Håvard Hunstad,Anders Albrethson,Ruben F Særsten og Mats Olsen

Trenar: Raymond Bård Olsen