G 16: Rosendal 1-Trio/Halsnøy

Lokaloppgjør mellom dei to beste gutalaga i Kvinnherad. Kampen var spennande fra start til ende. Rosendal tidleg opp i 2-0 ledelse etter storspel av Simon Korttila. Vår målvakt Eivind Bjørnebøle imponerte med klassespel i mål, fantastiske redningar.
Trio/Halsnøy skulle allikavel trekka det lengste strået etter ein underholdande 2.omgang.


Det er ca. 15. minuttar ut i 1.omgangen at Simon Korttila fører Rosendal i ledelsen som er våken etter ein retur for eit frispark. Så eit av kveldens høydepunkt, Simon med ballen på midtbanen, bestemmer seg for å kjøre på. Han springer fra stopperane til Trio/halsnøy og tar ein elegant utslagsfinte på keeper, stillinga 2-0.kampen bølger mykje fram og tilbake.Det er høgt balltempo fra begge laga, nåke pasningsfeil, men bra aggressivitet i gjenvinningsfasen. Me hadde før kampen snakka om å ta ut kantane til bortelaget, da dei er flinke til å venda opp på kantane og stå i god bredde som kan være vanskelig å markera med hurtige vingar. Alexander Fredheim og Eivind Haavik gjorde ein strålande innsats.

Trio/Halsnøy får uttelling etterkvart og me må desverre sjå at utligning nr. 2 kommer rett før pause, stillinga 2-2.

Me mistar nok litt av piffen etter den gode åpninga på kampen med at Trio/Halsnøy utlignar, men gutta er innstilt på å dra dette i land i pausen.

2.omgangen fortsetter med godt tempo, Trio/Halsnøy klarer å etablera eit litt høgare press utover kampen, som igjen resulterar i mål, stillinga 2-3.

Håvard Hunstad for Rosendal har hatt nåken mindre sjansar iløpet av kampen og det skulle vise seg at det å være litt på «tå» lønnar seg. Etter litt klabb og babb i feltet, så får han ei tå på ballen og utligenar, stillinga 3-3 midtveis i 2.omgangen.

I denne perioden har Eivind Bjørnebøle 2. særdeles flotte redningar. den første klasseredningen kom på eit skudd fra ca. 20 meter, ballen er på vei opp i vinkelen til venstre for vår keeper. Eg var sikker på at den skulle gå inn, men gløymde kven som stod i mål. Eivind med to håndsredning på ballen i eit voldsomt tigersprang, det skal i grunn ikkje være mulig.
Den andre redninga kom etter eit hardt skudd fra omtrent samme hold. Eivind må ut i full strekk og da med ein håndredning for å nå ballen,herlig keeperspel som imponerte fleire enn bare trenaren!

Me mangla vår ellers så gode midtstoppar dinna kvelden,Vegard Ripel. Og utover i kampen merka me nok litt av kjøret.
Trio/Halsnøy går opp i ledelse 3-4. Me skapar sjansar framover med gode initiativ fra Henrik Bauge,Hermund Døssland og Marius Myklebust.
Men Trio/Halsnøy merka kjøret dei også, og begynte å fokusera på det deffansive for å redda poenga. For kampen var åpen og ingen av laga hadde klart overtak.

Heilt på tampen får Trio/Halsnøy straffespark, etter at Kjartan Tungesvik var litt «tøff «i ein duell(endte med gult kort). Stopper paret vårt med Kurt Raymond Jegteberg og Kjartan Tungesvik leverte nok ein god kamp. Desverre blir det mål på straffen og kampen endar 3-5. Synd at me ikkje holder helt inn, men dette var ein underholdandes kamp med mykje fart og spenning.

Målskorerar: Simon Korttila(2 mål), Håvard Hunstad(1 mål)

Gule kort: 2. til Rosendal(Olav Lernes og Kjartan Tungesvik). Eit til Trio/Halsnøy

Desse var med: Eivind Bjørnebøle,Eivind Haavik,Alexander Fredheim,Kjartan Tungesvik,Kurt Raymond Jegteberg(kaptein),Olav Lernes,Vegar Bauge,Marius Myklebust,Hermund Døssland,Henrik Bauge og Simon Korttila.
Innbytterar: Håvard Hunstad,Torbjørn Omvik og Ruben .F .Særsten

Trenar
Raymond.Bård.Olsen