G 16 Rosendal-Minde 13. april

Serieåpning på heimabane med flott kampvær og bra med tilskuerar. Me var spente på nivået på Bergenslaga me har i gruppa vår i 2. div ,og var fast bestemt på å trå til fra start.Rosendal var veldig gode dei første 30. minuttane og kjørte tiltider over Minde i serieåpninga.


Rosendal hadde fleire gode sjansar i starten av kampen, Simon Korttila med fleire gode initiativ. Me kjørte opp med flotte angrep fra kantane, særleg på venstrekanten. Bare litt presisjon mangla for at det skulle bli tellande resultat. Men så får me endelig betalt for alle forsøkene, Simon Korttila førar Rosendal i ledelsen 1-0 etter assist i bakrom fra Hermund Døssland. Det er Rosendal som har taket på det, og Minde er knapt på vissitt på vår halvdel, med untak av nåken få halvsjansar. Så etter ca halvspelt 1. omgang, blir det frispark fra ca. 35 meter til Minde. Ballen blir løfta høgt inn i feltet og endar i mål, stillingen 1-1.
Og resultatet er heilt mot Kampens gang, men slik kan fotball være, nådeløs og urettferdig. Nå blir etterkvart kampbilde meir gjevnt mellom laga. Minde får litt meir til framover, Rosendal fortsetter med bra trøkk, men det vil seg ikkje heilt. Simon Korttila med stolpeskudd, Marius aleina med keeper innanfor 5. meter, men ballen over mål. Dessverre skorer Minde og me går til pause med 1-2 til Minde.

2.omgangen er igang og Minde tar etterkvart over mykje av spelet, me blir springande etter ballen og blir meir og meir på etterskudd. Etter strålande spel i 1. omgangen av Rosendalgutta, så blir me ein skygge av oss sjølv i 2. omgangen. Som trenar så forstår jeg at gutane mistar litt av motivasjonen etter alle sjansane i 1. omgangen, men vi må heile tida ha fokus på å løfte kvarandre og takle motgang.
Sluttresultatet endar med tap 1-5. Det er ny kamp mot Bergen Nord neste lørdag og da er det nye mulighetar,guttar!

Desse var med:
Cato Miljeteig(keeper),Vegard Ripel,Kurt Raymond Jegteberg,Anders Albrethson,Kjartan Tungesvik,Olav Lernes,Håvard Hunstad,Vegar Bauge,Hermund Døssland(kaptein),Marius Myklebust og Simon Korttila.

Innbytterar:
Alexander Fredheim,Sondre Myklebust,Mathias Guddal og superreserve som keeper Lars Opheim.
Målskorer: Simon Korttila(1 mål)

Raymond Bård Olsen
Trener G16