G00 er kåra til Månadens FairPlay – lag
I oktober går årets Fair Play lag til eit lag som viste Fair Play-ånd under ein kamp. Gratulera Uskedal/Rosendal G00. Ofte kan eit lag som ligg under gløyma seg ut litt og berre ha fokus på å få ei redusering. Då forsvinn ofte litt av FairPlay-ånda. Men det gjeld ikkje Uskedal/Rosendal G00.
I kampen mot Fitjar 5. oktober gjekk det ikkje heilt Usk/Ros sin veg sjølv om dei arbeidde veldig hardt. I andre omgong hadde Usk/Ros eit fint angrep der keeperen til Fitjar vart skada. Angrepet enda ikkje i mål og Usk/Ros hadde framleis ballen. Keeperen låg framleis nede. Som reglane er i dag skal dommaren vurdera situasjonen, og blåsa i fløyta om det er naudsynt. Spelarane på Usk/Ros byrja å ropa til kvarandre at medspelarane måtte spele ballen utover sidelinja slik at keeperen til Fitjar skulle få den hjelpa han trong. Sjølvklart vart ballen spelt utover sidelinja, og hjelpa fekk koma til.
Vi i juryen syns at Usk/Ros G00 er gode Fair Play-ambassadørar, og håpar dei kosar seg med tusenlappen.