G05 på Sparcup

Vi stilte med 8 spelara (Håkon Skjelnes, Magnus Haugse, Kent Kristian Hansen, Halvor Bjørnebøle Hass, Markus Øye Guddal, Gaute L.Tungesvik, Magnus H. Kvernmo og Marcus S. Enes) fordelt på 2 lag i dag. (Det var kun Gunnar Hestad som ikkje hadde anledning til å vera med i dag).


Med eit optimalt kampoppsett kunne vi rullera litt på spelara slik at vi klarte å gjennomføra med 2 lag og det var bra.
Gutane viste at dei har trena godt og har virkelig utvikla seg på mange områder. 6 kampar til sammen med fire seirar, ein uavgjort og kun eit tap, og ein målforskjell på 32:23 var status etter nokon spennande og kjekke timar på Heio i dag.
Mykje bra spel av ein gjeng som garantert vil gje oss mange spennande og kjekke fotball-opplevingar framover. Vi gler oss allereie til neste cup. 

Yngve