G05 på Trykkeri cup i Oddahallen
G05 gutane Kent Kristian Hansen, Magnus Haugse, Halvor Hass og Markus Guddal fekk med seg Sverre Jonassen (06) og Jonas Huke (o4) til Oddahallen der dei møtte gode lag frå Røldal, Tyssedal og Odda. Første kampen blei uavgjort 1-1 etter scoring av Sverre. Andre kampen blei det knepent 0-1 tap, men i tredje og siste kamp avslutta gutane dagen på ein god måte med ein sterk 3-0 seier over Odda., etter scoringer av Jonas (2) og Markus (1). Gutane viste veldig god innsats og mykje bra spel. Kjempebra !