G11 Odda Rød – Rosendal
Måndag kveld reiste gutane med godt mot til Odda for å spela kamp mot Odda Rød. Det var ein jamnspelt fyrste omgong med sjansar begge vegar. Vi hadde ein knakande god Ola i mål, som rydda opp i skotsjansane til Odda. I slutten av omgongen vart vi utspelt på venstresida, innlegget kom og der stod ein umarkert oddaspelar og la ballen enkelt i mål.
Dermed gjekk vi til pause med å ligga under med 1-0.
Gutane var ved godt mot i pausen, og vi mana opp til at vi skulle vera enda flinkare til å vera fyrst på kvar einaste ball. Dette klarte gutane og gav alt i andre omgong.
Fyrst ordna Sebastian utlikninga, til stor jubel frå lagkameratar og tilreisande tilskodarar. Etter nokre minutt ordna same guten leiing til 2-1. Gutane hadde full kontroll i denne omgongen, var fyrst på ball og vann dermed duellar og kunne spela ball.
Jonatan ordna likagodt 3-1 med direkte mål via hjørnespark (Jonatan spesial), og ikkje lenge etter kom vår offensive midtstoppar, Torbjørn, fram og fyrde av eit langskot som målvakta fekk slege i tverrliggjar og i mål. Gutane hadde snudd kampen og leia komfortabelt 4-1. I siste minutt fekk Odda eit mål, og kampen enda dermed 4-2 til Rosendal.
Vi har fått komponert eit godt samensatt lag etterkvart. I forsvar har vi gode spelarar (Erik, Torbjørn, Sindre, Espen, Lars og Øystein som ordnar opp og slår gode ballar fram til midtbanen. På midten har vi Jonatan, Torstein og Tord som arbeidar og slit bade fram og tilbake på banen, medan Sebastian og Marcus ligg framme og tek i mot gode oppspel og går på «raid» mot målet.
Eit godt lag med knallkjekke gutar. Skal eit lag bli godt må dei vera «kompisar» og spela kvarandre gode, dette gjer dei på G11!!
Desse var med (mål i parantes):
Ola Hunstad, Torbjørn Haugland Nes, Sindre Mathias Bjørgen Jegteberg, Erik Hjelmeland, Espen Andre Jonassen, Øystein Enes, Jonatan Eskeland (1), Tord Guddal, Torstein Kristiansen Olsen, Sebastian Tufta Kirknes (2) og Marcus Hylland Såtendal.
Forrige kamp var mot Solnut, denne var ikkje underteikna med på, så her er det ikkje skreve noko referat, men gutane vann 3-2 heime. Solnut var det einaste laget gutane tapte mot i vårsesongen. Målskorarar då var Tord, Torstein og Jonatan.
Helsing
Romar
Trenar G11