G12 med bortekamp i Herøysund
G12 gutane hadde sin fyrste bortekamp tysdag kveld mot Herøysund. Grusbane er ikkje noko gutane er vane med så det vart ein litt merkeleg kamp.
Gutane starta famlande og var tydleg utilpass på grusbanen. Ballen spratt annleis enn normalt og det gjorde sitt til at spelet ikkje var det beste. Vi satsa på å spela ball, medan Herøysund slo lange ballar opp mot sin spiss. Etter fyrste omgong kunne vi likevel gå til pause med 4-0 leiing.
I andre omgong var vi litt meir vane med underlaget, og hadde eindel godt spel. Herøysund hadde med seg ein 13 åring og han viste godt igjen på banen, i tillegg til spissen deira som var både rask og lur. Etter nokre minutt spel, reduserte Herøysund, rosendalsgutane hang ikkje med i forsvar då dei lange oppspela kom. Herøysund fekk koma inn i kampen og den utvikla seg til å verte spanande. Mot slutten leiea vi med eit mål, 7-6, heilt til Tord satte inn siste målet og vi vann 8-6.
Det var kjekt å sjå at Herøysund kjempa godt og dei har absolutt gjort framteg sidan i fjor. Rosendalsgutane fekk seg ein liten «vekkjar», der dei fekk sjå at kampen ikkje var ferdigspelt før den faktisk var spelt.
Desse var med (mål i parantes):
Ola Teigland Hunstad, Torbjørn Haugland Næs, Sander Seim Myklebust, Harald Myklebust Lekva, Sindre Mathias Bjørgen Jegteberg, Erik Hjelmeland, Lars Bondhus Bjordal, Espen Andre Jonassen, Tord Guddal (4), Jonatan Eskeland, Torstein Kristiansen Olsen (1), Jaran Jensen Eide (1), Sebastian Tufta Kirknes (2).