G12: Rosendal – Herøysund (12-2)

Haustsesongens fyrste heimekamp gjekk mot Herøysund på kunstgraset i Rosendal. Herøysund har slete med å behalda laget sitt, men har heldigvis fått hjelp av Trio, slik at dei kan stilla nok mannskap til kampane.


Kampen starta for oss noko rotete. Herøysund låg kompakte bak, medan vi ikkje nytta kantane nok. Dette førte til mange halvsjansar i starten utan nettkjenning. Herøysund var og farleg frampå eitpar gonger. Litt ute i omgongen løsna det,  gutane byrja spela ballen kjappare mellom seg og til pause leia vi 5-0.

I andre omgong ville vi prøve å bruke kantane enda meir. Det var likevel Herøysund som skulle opne målkontoen i omgongen og reduserte til 5-1. Etter dette målet sat spelet mykje betre for heimelaget. Pasningane byrja sitta der dei skulle og vi kom oss rundt på kantane og fekk lagt inn føre mål. Mykje godt spel førte til at gutane gjekk av banen med 12-2 siger.

Antal skora mål tel ikkje allverden, det som var kjekt var å sjå at gutane tok tak i andre omgong og spelte god fotball. Vi ynskjer Herøysund lukka til vidare.

Desse var med (mål i parantest): 

Torbjørn, Sander, Tord (6), Torstein (1), Jonatan (1), Espen, Harald, Sindre Mathias, Jaran (1), Lars (1), Marcus (1), Øystein og Erik (1).