G12: Rosendal – Odda Rød 9 – 2

Vårsesongens siste kamp gjekk i kveld heime mot Odda Rød. Vi visste at dette var eit sterkt lag, men rosendalsgutane parkerte oddagutane frå start til slutt.


Forsvaret vårt rydda opp i det meste omtrent før Odda passerte midtbanen, kom det noko fram til Ola ii mål, redda han meisterleg. Vi var aggressive og vann både fyrsteballen og andreballen. Dette gjorde at vi fekk bygd opp angrepa godt. Midtbanen bevegde seg godt og kom rundt på kantane. Veldig mykje godt pasningsspel prega heile fyrste omgong, og vi gjekk til pause med ein fullt fortent 4-0 leiing.

Etter pause falt vi litt nedpå og Odda reduserte til 4-1. Gutane tok tak i seg sjølve og ikkje lenge etter auka vi til 5-1. Odda fekk så skåra sitt siste mål for kvelden, 5-2. No satte heimelaget inn sluttspurten og skåra heile 4 gonger til. Sluttresultatet vart då heile 9-2, noko som er veldeg bra.

Ein god gjennomgang før vi reiser til VossCup i helga. Spelar dei slik vert det ein siger og to der og.

Desse var med (mål i parantest): 

Ola, Torbjørn (3), Sander, Tord (2), Torstein, Espen, Harald, Sindre Mathias, Jaran (1), Sebastian (2), Lars, Marcus (1), Øystein og Erik.