G12: Rosendal – Solnut (4-4)

Det var knytta stor spaning til kampen tysdag kveld. Gutane fekk Solnut på besøk, einaste laget gutane har tapt mot i år. Det vart ein spanande og intens kamp.


Heimelaget hadde stort sett spelet i fyrste omgong, men likevel var det Solnut som gjekk opp i 1-0 på ei kontring. Rosendal fortsatte presset og utlikna rett etterpå til 1-1.

Solnut har eit godt lag der spesielt ein gut utmerka seg, han var tekninsk god og rask og laga trøbbel for forsvaret nokre gonger. Med hans hjelp la Solnut på til 2-1. Gutane våre svara igjen og utlikna til 2-2.

No var vi i gong og når ein god dommar (Olav Lernes) bles for pause leia Rosendal 4-2. 

I andre omgong datt vi litt i kvalitet på spelet og midtveis i omgongen skåra Solnut to kjappe. I dei siste 10 minuttane av kampen pressa vi hardt mot Solnut målet, men det ville seg ikkje og kampen enda 4-4.

Eit resultat vi er godt nøgde med.

Desse var med (mål i parantes):

Torbjørn, Marcus, Sander, Øystein (1), Erik, Sindre Mathias, Espen, Lars, Harald, Jaran, Sebastian (2), Torstein (1), Tord og Jonatan.