G12: Strand-Ulv – Rosendal
Sesongens siste gruskamp vart spela tysdag kveld på Strand-Ulv sin stadion. Ein flott arena og stad som vi hadde unna eit dekke med kunstgras. Før vi gjekk om bord i ferja tok vi oss ein liten «peptalk» i finaveret på Årsnes.
Her snakka vi om det meste rundt kampen som sto føre oss, deriblant spretten i ballen som er på grusbanar, kontra gras og kunstgras. Vi visste og at vi kom til å møta eit sterkt heimelag. Det viste seg å stemma godt.
Strand-Ulv gjekk opp i 1-0 etter kun eitpar minuttars spel. Heldigvis greidde rosendalsgutane å halde fokus og gjekk fyrst opp i 1-1 etter ein god corner frå Sebastian som Tord headda utagbart i mål. Ei lita stund etterspelte vi oss fram til nok ein sjanse, Erik fekk ballen på skothald og banka den i mål, 2-1. Strand-Ulv gav seg ikkje og kom på nokre gode raid og til pause hadde dei utlikna til 2-2.
Andre omgong vart prega av mange innkast og litt lite spel. Underlaget var som vanleg ikkje ideelt for rosendalsgutane, men også Strand-Ulv sleit med å få til spelet sitt.
Då det var 7-8 minutt igjen løsna det for oss. Sander sendte ein lang ball fram til ein umarkert Jarand som plasserte ballen i mål. No var ting på gong, vi hadde høgt press og skapte sjansar. I det siste minutt la Torstein ein god corner, Lars sto klar med hovudet og headda ballen forbi målvakta. Kampen var slutt og vi kunne reise tilbake med ein god 4-2 siger over eit godt heimelag. Godt jobba av samtlege gutar.
Desse var med (mål i parantes):
Torbjørn, Sander, Tord (1), Torstein, Espen, Harald, Sindre Mathias, Jaran (1), Sebastian, Lars (1), Marcus, Øystein og Erik (1),