G12: Trio 02 – Rosendal (0-6)

Då var dagen komen, bortekamp mot eit av dei desidert beste laga i serien, nemleg 2002 gutane til Trio. Gutane våre var tydleg tente på kampen, og var konsentrert allereie under oppvarminga.


Kampen starta med forrykande godt for Rosendal. Vi putta to mål berre etter 10 minuttar spel. Måla kjem av fint spel der Sebastian på topp vert spelt fri og spring frå forsvaret og skårar. Eit par minuttar kjem vi opp på høgre sida og får lagt ein 45 graders pasning inn føre mål. Der står Torbjørn og legg på til 3-0. Vi har full kontroll i denne omgongen. Gutane er fyrst på ball og jobbar knallhardt både fram og tilbake på banen. Til pause leiar vi 5-0 etter ei skåring av Sander og ei til av Sebastian.  I tillegg skåra Espen eit mål, men ballen sprett ut via hjulet på målet og dommaren trur det var stolpe skot.

Når andre omgong starta var vi einige om å prøva å halde nullen. Greidde vi det ville vi nok vera fyrste laget som nokon gong har haldt nullen mot dette laget i vår serie. Trio gutane var gira på å revansjera seg, og pressa oss voldsomt det fyrste kvarteret. Forsvaret heldt stand, samstundes som vår gode målvakt, Ola, plukka det som måtte komma. Gutane rei av stormen og byrja spela ball att. No var det vi som pressa på og det resulterte i ei skåring etter flott frispark av Sander.

Kampen endar med 6-0 siger. Samtlege gutar (15 stk) gjorde ein formidabel innsats, noko som resultatet viser. No er det to kampar at i serien, fyrstkommande sundag møter vi Strand-Ulv heime klokka 14:00. Ein fin anledning til å komma seg ut i frisk luft og sjå god fotball

Desse var med(mål i parantes):

Ola, Torbjørn (1), Marcus, Sander (2), Øystein, Erik, Sindre Mathias, Marius, Espen, Lars, Harald, Sebastian (3), Torstein, Tord og Jonatan.