G12: Trio 1 – Rosendal (2-6)

Torsdag ettermiddag var det klart for bortekamp mot Trio. 12 gutar var med i troppen og samtlege var klare til å yta maks mot eit triolag som har vist stigande form.


Kampen byrja noko slapt frå vår side, gutane haldt for liten avstand til kvarandre, i tillegg til at pasningane var for svake. Likevel hadde vi ein viss kontroll, og midt i omgongen leia vi 2-0. Trio var absolutt med i omgongen og rett før pause utlikna dei til 2-2.

Gutane nytta høvet i pausen til å fortæra ei kvar si banan, medan trenarteamet formante til større avstand og meir presise, og hardare pasningar.

I andre omgong gjekk det meste betre. Gutane hadde meir roen og slo skikkelege pasningar. Samspelet fungerte og løpa satt som dei skulle. Eit godt forsvar og ein god Torbjørn i mål, hindra Trio i å skåra på sjansane dei fekk. I denne omgongen skåra vi fire mål og vann då 6-2. Eit resultat vi er særs nøgd med mot eit godt triolag.

Dommaren i kampen var eitpar år eldre enn spelarane og gjorde ein framifrå jobb!

Det kan og nemnast som ein god fairplay-gest at før vi skulle gå i gong med kampen fekk vi beskjed frå ei triodama at ho skulle heia litt på Rosendal og 🙂

Desse var med (mål i parantes):

Torbjørn, Sander, Marcus (2), Erik, Sindre Mathias, Øystein, Torstein (1), Tord (1), Jonatan, Sebastian (1), Espen og Jaran (1).