G13 1.div. Rosendal – Flaktveit 3-3

Det blei ein spennande kamp på kunsten lørdag der gutane spela siste heimakamp for sesongen. Vi tok leiinga etter 13 minutter etter ein litt morsom situasjon. Mats satt på huk for å knyta skoreima då ballen kom i retur ut mot midtbanen.

Vi ropa på Mats som spratt opp og fyrte laus eit bananskudd som dala elegant over keeper og rett i nettet. Berre to minutt etterpå gjekk vi opp til 2-0 då Ian slo frispark som spratt i bakken og videre i mål. Flaktveit reduserte etter 27 minutt med ein noko billig scoring. På overtid i 1.omgong, etter 36 1/2 minutt fekk gjestene sin 2.scoring og utligna til 2-2 til pause. 2.omgong var berre 3 minutt gammal då Kristian var på rett plass til rett tid inne i boksen og vi tok leiinga igjen, 3-2. Flaktveit gav aldri opp og klarte igjen å utligna til 3-3 etter 30 minutt. Vi hadde fleire store sjansar i sluttminuttane, men klarte ikkje å setta vinnarmålet. Gjestene satte pris på boller og brus etter kampen. No har vi berre ein kamp igjen, borte mot topplaget Varegg.

Yngve