G13 1.divisjon: Baune1-Rosendal

Det vart 3-8 tap i denne kampen som vart dømt av ein 16 åring uten dommarkurs, som då ikkje i utgangspunktet hadde lov til å dømma kampen. Han dømte litt mykje i favør av heimelaget og bidrog diverre til dette resultatet. Resultatet kan nok verte annaleis når vi møter dei på heimebane med meir nøytral dommar.


Vi spela mykje bra fotball og fekk tre flotte mål, alle signert av Mathias. Måla kom etter avtalte trekk før kampen: lange og presise utspel i bakrom.

Første målet kom etter at Olav slo pasning til Mathias som raskt drog seg forbi ein forsvarsspelar og inn i banen, der han fyrte av eit langskudd godt til sides for keeper og rett i nota.

Andre målet kom etter at Olav slo langpasning til Sondre som vann hodeduell og stussa videre i bakrom, der Mathias frå skrå vinkel lobba elegant over ein utrusande keeper i lengste hjørne oppe i krysset.

Tredje målet kom også etter godt utspel frå Jarand (som kom inn som keeper på slutten av 2. omgong) til Mathias som drog seg raskt laus og fyrte av eit skudd i nærmeste kryss over ein utrusande keeper.

Takk til Atle som kjørte bussen, kjekt å kjøra i lag. Veldig fin gjeng som ser ut til å ha det sosialt og kjekt saman.

Yngve