G13 gutane på ei fantastisk reise til Eidfjord på småbanecup

Vi har hatt ei fantastisk reise på mange måtar. Først og fremst har det vore ein kanongjeng å reisa med. Høflige, hjelpsomme, lydige, godt samhold, morsomme, blide, godt humør og sist, men ikkje minst: eit imponerande fotball-lag !!



Sjølve fotballturneringen blei også som ei spennande, innholdsrik, dramatisk og nesten uvirkelig reise for denne utrulige gjengen, som var nærme på å forårsaka hjerteinfarkt for oss voksne opp til fleire gonger. Vi kom igjennom det, kun med ein noko sår hals og svært høg puls. 

Vi kom inn på fredagskvelden, fekk rigga oss til før vi skulle i ilden mot eit godt Sotra-lag kl 20.30. Vi visste at det ville bli viktig med ein god start og godt resultat i 1.kamp i denne hardaste pulja med fire lag. Vi var forberedt på at Sotra var eit godt lag som hevda seg godt mot andre gode lag frå serien i Bergen. Vi var mildt sagt ganske spente på korleis vi låg an i forhold til desse laga som jo var nye bekjentskap for oss. 

1.kampen blei ein hard og jevn batalje. Sotra scora det einaste målet i kampen etter 11 minutt. Vi var frampå aleine med keeper fleire gonger, men det ville seg ikkje. Det var ikkje akkurat den starten vi hadde håpa på, det var eit noko unødig tap og derfor litt irriterande. I mitt trenar hovud var det to tankar som slo meg like etterpå: 1) skal vi virkelig ryka ut på eit unødigt tap i 1.kamp ?? 2) Det optimale er jo faktisk å klara å reisa seg etter ein slik start å vinna heile skiten !! Eg valgte å la den 2. tanken få fullt fokus og blei facinert av tanken på kva gutane vil læra av ein slik erfaring i fotballkarrieren sin. Vi samla oss straks med eit felles fokus: -No skal vi i alle fall komma fryktelig sterkt tilbake!! Eg såg straks at gutane var enige utan at dei sa eit ord, og då hadde vi ein felles plan !! 

Etter ei lang og god natts søvn, og ein solid frukost, var vi klare til å ta fatt på 1.del av planen. Bulken stod på andre sida. Vi var på høgget frå første stund og viste ingen nåde. No hadde vi kun ein mulighet for å avansere frå puljespelet: vinna kampar! Etter 6 minutt satte Emil første ball i nota etter retur frå eit Ian-langskudd:1-0. Bulken ville ikkje gje seg utan kamp, og det gjekk bare 2 minutt før dei satte sin første i nettmaskene:1-1. Etter det la vi ballen kjapt på midtstreken og Mathias sendte av gårde ein direkte pasning til Emil som var aleine med keeper og gjorde ingen feil:2-1 (kun 30 sekunder etter forrige scoring). Etter 13 minutter fyrte Kristoffer laus rett i krysset:3-1. 2.omgang var kun 3 minutt gammal då Sondre kriga seg fram i kjent stil og fastsatte sluttresultatet til 4-1. Stemningen steig mange hakk, vi var tilbake i flytsonen ! 

Timane til neste kamp blei brukt til lunsj, kvile, taktikk og rekning på poeng, målforskjell m.m. Vi var i ein situasjon før siste puljekamp der alle kunne både ryka ut og gå vidare. Ekstra spennande blei dette med dei to siste kampane gåande like attmed kvarandre og samtidig. Fokus for spelarane var enkelt: vinn kampen ! Men som trenar hadde eg også fokus på ulike utviklingsscenarioer som ville kreva ulike grep (gå for seier, vera fornøyd med uavgjort og lignende). Målet var først og fremst å bli blant dei to beste i pulja for å gå videre til sluttspel. Men det var og ein teoretisk sjanse for å bli puljevinnar med den viktige fordelen å då få antatt lettere motstand i ein evt semifinale. Spelarane holdt seg til den enkle planen: dei vann kampen. Og jammen gjekk det rette vegen i den andre kampen også, som blei svært dramatisk og gjorde at undertegnede etterkvart faktisk stod til dels med ryggen til eige lag for å få med den dramatiske og noko overraskende utviklingen i den andre kampen, som til slutt medførte at vi blei puljevinnar med Sotra som nr.2. Bulken rauk ut med minst mulig margin, sammen med Hovding (kvit). I kampen vår mot Hovding (kvit) var det Sondre som kriga inn både1.og 2.målet etter henholdsvis 3 og 6 minutt. Mathias følgte opp med å donka eit frispark mellom stengene etter 11 minutt. Mathias viste fram endå eit effektivt angrepsvåpen med svært lange innkast, og det blei utnytta då han kasta til Kristoffer som satte inn 4-0. Sistnevnte satte inn ein retur og siste for dagen etter godt forarbeid av Kristian: 5-0. 

Då var det St.Hansaftan, disco og lørdagsfri !!! Stemningen var på topp: tap i første kamp og svært vanskelig utgangspunkt i slike sammenhenger var snudd totalt til eit best mulig utgangspunkt før søndagens sluttspel. Gutane koste seg med disco, EM-kamp på TV og god mat. Men vi holdt fokus på det viktigaste: best mulig restitusjon før den avgjerande dagen. Gutane viste god sjøldisiplin med å få seg rikelig med søvn (kl.23.00-09.00). 

Då var det søndag allerede, veret holdt seg fortsatt til optimalt fotballver (overskyet og passe varmt uten regnet som var meldt). Semifinalen vår mot Harding starta kl 12.30. Samtidig med den andre semifinalen mellom Sotra og Hovding (raud), som Hovding-laget vann 3-1.

Vår eigen kamp blei eit nervedrama uten sidestykke, som eg blir svett av bare ved å tenka tilbake på det. Harding viste oss at dei meinte alvor allerede etter 1 minut,t då det small i stanga til side for Olav. Vi svarte etter 2 ½ minutt med samme medisin: eit skremmeskudd frå Sondre på innsida av stonga og ut. Etter 9 ½ minutt var Kristoffer gjennom og satte ballen like utenfor stolpen. To minutter etterpå hadde kristoffer eit dribleraid langs venstresida som han på elegant vis trilla forbi keeper i lengste hjørna.: 1-0 (Yess !!) Bare 1 minutt etterpå fyrte Harding eit frispark like over tverr. Det gjekk bare 1 minutt til og Harding scora mål kun 1 1/2 munutt før pause: 1-1. Det var høg temperatur i den 5 minutt lange pausen, der gutane fekkk info om at dei faktisk leda med to fleire cornera. Då visste gutane at det handla om å stenga av bakover. 2.omgang blei eit fyrverkeri utan like. Karsten hadde eit godt skudd etter 4 ½ minutt, Sondre var aleina med keeper etter 5 1/2 minutt, men det var sjokkerande nok Harding som gjekk opp i ledelsen 2-1 etter 7 minutt. Då dei i tillegg satte sitt 3. kun 1 ½ minut etterpå begynte det å sjå svært svart ut, med kun 6 minutt igjen på stoppeklokka, som plutselig begynte å gå sinnsykt raskt !! Og så folkens, kva er det som skjer: Kristoffer fyrer av i kjent stil frå eit hold som virker umulig med så små mål: pang i krysset !! (2-3) Kunne det gå alikavel, med kun 3 minutt igjen, mot eit robust og knallhardt Harding-lag som fortsatt pressa oss vel så mykje som vi pressa dei. Stoppeklokka er visst imot meg og no, går jo bare raskare og raskare, viser 13.30, kun 1 ½ minutt igjen og vi slit svært med å bryta gjennom eit klarerande, robust Harding-lag som måkar ballen utover sidelinja på vår banehalvdel. Så folkens skjer det, eit magisk øyeblikk. Mathias gjer seg klart for innkast, kastar som om det var liten ball, langt opp til Kristian som nettopp er bytta inn og  som fyrer laus alt han kan som lyn frå klar himmel: Jubelen står i taket, 3-3 og vi leder 3-1 på cornere (som vi har hatt sterkt fokus på i forkant)! Det siste minuttet får Harding sin eigen medisin: vi spelar ikkje akkurat fint småspel, for å sei det på den måten!! Fløytesignalet lyder som dei finaste tonar frå Mozart: vi er i finalen, heilt sprøtt !!! 

Med 3 timar til finalen følgjer vi på forhånd oppsatt plan: lunsj, kvile, utrydding av rom, taktikkmøte og oppvarming. I tillegg jobbes det med å innhenta mest mulig info om finalemostander, som vi brukte i planleggingen inn mot kamp. Hovedtrekkene frå planen vår var å overraske Hovding (rød) med eit lavere press enn dei er vant med og liker, for så å vera tolmodige og utnytta dei sjansane vi sjøl ville få. 

Kampen starta kl. 16.00, med eit svært spent publikum langs sidelinja: kunne vi klara å gå heile vegen, inkl mot denne litt antatt betre motstandaren ? Hovding hadde eit lite overtak dei føste minuttane, men vi tok raskt meir og meir over og hadde eit visst overtak utover 1.omgangen. Noko som resulterte i at vi leda med to cornera i pluss som holdt seg til pausen. 

2.omgangen var halvspelt då Mathias gjorde det ungar av og til gjere i forhold til sine føresette: dei høyrer ikkje alltid på kva vi seier og tenker sjøl at dei har betre løysningar. Han som var sweeper (gjennom heile turneringa) og hadde gjort ein super jobb så langt i finalen, med å hindra mål i mot, fant plutselig på noko som gjorde at u.t. ikkje visste kva eg skulle sei, eg bare tenkte: kva …. er det han finn på no, han spring jo fullstendig frå plassen sin og heile formasjonen raknar. Det er jo greit når han har offansivt ansvar, men ikkje som sweeper, kva om han mistar ballen på dette vanvittige dribleraidet, då går det fort heilt gale. Langt opp i banen finn ein av dei siste Hovdingspelarane ut at her er det bare ein ting som hjelper: sparker han ned: Frispark ! Sondre spring som avtalt bånn gass for å dekka keeper, alle andre er på plass i felten. Ein kjempestor Hovdingspelar (ca dobbelt så stor som Olav) står i mur like framfor ballen. Mathias tar fart, klemmer til (utrulig at ballen passerer muren), men kva skjer videre: nærmest heilt utrulig! Ballen fyk først tunell på ein Hovding forsvarer, deretter mellom beina på Sondre som hopper ut med beina og deretter tunell mellom beina på ein god keeper som står i hocketstilling og ser at nettet ristar bak han: 1-0 og 10 minutt igjen av kampen. 10 minutt som føltes som ein evighet, der gutane la ned ein fantastisk defansiv innsats, med skader og vondt i dei aller fleste kroppsdeler (inkl kroppsdeler dei knapt nok visste dei hadde) etter å ha ofra seg heilt vannvittig. Når endelig fløytesignalet gjekk 2 minutt på overtid, høyrtes det ut som både Mozart, Beethoven og kva dei no heiter alle sammen, på ein gong. Tårer trilla, jubelrop jalla mellom fjellene, vi dansa, lo og nokon var heilt mållause ! –Tenk, vi klarte det !, sa gutane…..

Takk for ei fantastisk reise gutar !!
Mvh Yngve (trenar) og Ragnvald (fantastisk god medhjelpar på turen).