G13 laget med ein sterk 2-0 bortesiger på Askøy

Laga vi møter i 1.div har både 2 og 3 lag der vi møter eit toppa 1. lag frå kvar klubb. Det er kjekt å sjå at vi med kun eit lag likevel klarar oss såpass godt i eit slikt selskap. Gutane kjempa godt for kvarandre mot eit veldig fysiskt sterkt og godt lag.


Etter 10 minutt i 1. omgang fekk vi 1-0 etter innøvd dødball (corner), der Mathias slo inn til Erlend som ikkje nøla eit sekund då han kontant breisida ballen i nota.

Etter 34 1/2 minutt og kun 1/2 minutt før pause scora vi til 2-0 då vi på nytt var gode på corner. Mathias slo inn og Ørjan headda i mål.

Det vart ingen fleir mål i 2. omgang, sjølv om begge laga hadde sine sjansar. Olav var god med mange redningar av høg klasse, forsvarsrekka jobba bra kollektivt , midtbanen kriga bra og dei to på topp bidrog med høgt press og truing av bakrom.

Vi ser fram til neste kamp, lørdag 22. september, heima mot Tertnes 1.

Yngve