G13-laget med tosifra seier mot Odda 2 onsdag kveld.

Det var Sondre som åpna scoringsshowet etter 8 minutt i kveld. Han var våken frampå returen, etter skudd frå Mathias. Deretter følgte Emil opp med å setta ballen kontrollert forbi sisteskansen, etter utspel frå Olav som blei headda videre i bakrommet frå Mathias.


Emil satte neste mål etter fint klikk-klakk samspel med Sondre. Emil sitt hattrick mål for dagen kom etter fint gjennomspel i bakrom frå Mathias. Då var det 4-0 etter effektivt spel med fokus på bruk av bakrom med høgt press. Men, vi kunne ikkje stoppa der: 5-0 kom etter at Kristoffer drog seg fint fri og viste at skuddfoten er intakt, ei perla i krysset frå ca 16 meter.

No såg det ut som Odda-gutane lengta mest heim til kveldsmat, men dei hadde fortsatt litt å stri med utover kvelden, som fortsatt var ung for ”Rosendal goalgetters”. Mathias stod for det 6.målet, etter at han kobla inn turboen og sprang sikk-sakk mellom 4 stk raudkledde, før han satte ballen sikert til side for keeper. Torgeir avslutta scoringsshowet i 1.omgang, etter å ha breisida eit innlegg frå Kristoffer, rett i nota.

2. omgang blei brukt til å la spelara få øva seg i litt ulike roller på banen. Mats var førstemann til å melda seg på scoringslista i denne omgangen. Han satte ballen sikkert til side for keeper, etter å ha blitt spelt enkelt gjennom av Mathias. Torgeir følgte opp med å dunka ballen i nota, etter god kriging i feltet. Sondre fekk betalt for aggressivt press på forsvarsspelar, der han fossa fram og dunka inn nr 10 for kvelden.

Kvelden blei avslutta med fint samspel der Mathias runda 2 stk Odda spelara, før han la ballen til venstre for seg, der Olav (keeperen vår som ville vera med på moroa) kom stormande med tydelig beskjed om at no var det hans tur, og det blei det med eit knallhardt skudd som satte punktum for ein målrik kamp med mykje bra spel.

Mange som kom på scoringslista i kveld, men det var vèl så god innsats av forsvarsspelarane (Espen, Karsten, Ian, Martin og dei to vi fekk låna med oss frå 00-mod: Magnus og Mathias.

Alle dei var det som sterkast bidrog til at vi faktisk holdt 0 i baklengs, som er ein sterk prestasjon. Bra jobba gutta!

mvh Yngve A. Guddal
trenar G13