G13 laget vann fortent 2-0 mot eit toppa Odda 1 lag på kunsten i kveld.

Odda kom gjennom tunnelen med eit toppa lag for å ta revansje for cup-tapa mot oss den siste tida. To godt organiserte og displinerte lag gav spenning og nerve i kampen til siste slutt. Vi hadde eit overtak stort sett heile kampen og slapp dei lite til, men det kunne alikevel fort ha vippa feil veg, då det var små marginer mange gonger. Vi jobba hardt og godt i alle ledd og drog i land ein skikkelig lagseier, som absolutt alle kan vera stolte av, etter ein heroisk innsats.


Fokusområdene før kamp var:innsats og skudd, og det var to skudd frå Kristoffer Eskeland som gav oss måla i kampen. Om ei veke er det vi som skal ta turen gjennom tunnelen, og då er nok revansjelysten stor der inne. Då gjeld det å igjen gjenskape prestajonane. Kvar kamp lever sit liv, vi skal vera til stades i nuet i kvar kamp, og kjempa for å klara målet for sesongen: nemlig å vinna denne jevne pulja, slik at vi kvalifiserer oss for cupspel om kretsmesterskapet for 2.div.

mvh Yngve A. Guddal
trenar G13