G13 laget vant 1 poeng mot Trio

G13 laget drog spente til Husnes i dag for å møta Trio til 1.seriekamp. Det bølga fram og tilbake frå start og ein såg raskt at dette ville bli ein spennande kamp, mellom to lag som var godt organisert med mykje godt samspel.


Rosendal tok leiinga etter mål ved Kristoffer Eskeland. Vi kunne lett ha putta eit mål og to til før pause, men det var Trio som utlikna litt surt i siste speleminutt før kvilen.

Med småskader på fleire av våre sentrale spelara og få innbyttara blei det tungt å springa på den store 11'er banen i 2.omgang. Trio viste at dei har trent mykje kondistrening og sprang godt, fekk resultat for det og gjekk opp til både 2-1 og 3-1.

Med kun 10 min igjen av kampen såg det både litt svart og urettferdig ut, men kampen er jo ikkje slutt før dommaren bles. Med eit kanonskudd frå ca 18 meter i tverr, ned og opp i nett-taket, bidrog Mathias Guddal til at det blei liv i kampen igjen. Etter ein litt daff periode blei det full sprut i gjengen igjen, og i det siste minutt følgte Sondre Myklebust opp med eit raid og kanon bananskudd frå langt hold, rett i nettmaskene. Puuuh, uavgjort smakte som seier til slutt, tap hadde ikkje vært til å leva med……

Alt i alt, eit rettferdig resultat mellom to gode lag, med ein enda betre dommar i Are Ulseth.

Vi gler oss allereie til returoppgjeret. Takk for kampen !!

Mvh Yngve A. Guddal
trenar G13