G13 med siger over Trio

Torsdag kveld var det klart for tredje seriekamp for gutar 13 år. Kampen starta noko famlande frå heimelaget si side, men klarte likevel å halde eit visst press. Etter ca 15 minuttar spel putta Tord sitt fyrste for dagen, bare nokre minutt etter satt han inn sitt andre.

Mot slutten av omgongen kjem ein meget god målvakt, Ola, ut og klarerar ballen. Ballen går over alle og endar i beina på Tord, som satte inn hattricken. Dette målet burde nok vore blese av for offside.
Med 3-0 til pause kunne vi ikkje vera anna enn nøgde, men i andre omgong ønska vi å spela enda meir ball. Dette gjorde vi, over 20 trekk på ballen før avslutning på mål, er kjekt å sjå. Bra spel endar ofte med mål, Jonatan auka til 4-0, så puttar Trio eit reduseringsmål, før Torbjørn og Marcus signerte kvar sitt mål.
Dette var ein god kamp ikkje minst med tanke på at dei fleste har hatt påskeferie. Alle sto fram og jobba knallhardt heile kampen, veldig bra gutar.
Allereie kommande tysdag er det kamp att mot Trio2, dette er ein sjuar kamp.
Desse var med:
Ola, Sander, Lars, Marcus, Torbjørn, Torstein, Jonatan, Tord, Øystein, Harald og Jaran.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

eighteen − 7 =

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.