G13 Odda 1- Rosendal: 0-3
Gratulera gutar, dåke er puljevinnarar (med klar margin) !! Med 16 poeng (og 7 poeng ned til Odda 1) og 40:9 i målforskjell kan dåke vera godt fornøyd etter desse 6 kampane. Gutane spela onsdag kveld sin siste seriekamp før ferien. Det blei ikkje den spennande seriefinalen som vi hadde grugleda oss til likevel, då Odda 1 gjekk på eit noko overraskande 2-3 tap mot Trio i sin nest siste kamp.
Med visshet om at pujeseieren var i boks kunne vi fortsetta med å prioritera å la spelara få prøva seg i fleire roller på banen, framfor å tenka kortsiktig og kun på best mulig resultat i den enkelte kamp. Dette vil nok gje best resultat på sikt, både for den enkelte og for laget.
Alle 15 var med og bidrog til ein god lagseier i dag, mot eit godt og fysisk sterkt Odda-lag. Følgjande spelara var med (mål i parantes): Olav, Espen, Erlend, Karsten, Mats, Martin, Kristian, Ian, Sondre, Deimantas, Ørjan, Torgeir, Emil (1), Kristoffer (1) og Mathias (1).
Etter 6 min. spela Torgeir ein glimrande gjennombruddspasning, som Emil elegant lobba over ein utrusande keeper:1-0. Det blei ikkje fleire mål i første halvdel, sjøl om begge lag hadde sine sjansar. 2.omgang var bare 3 minutt gammal då Emil slo ein corner som Kristoffer satte enkelt i mål:2-0. Etter dette hadde Odda mange sjansar til utligning, men med godt forsvarsspel og ein Olav med armar og bein over alt i dag, så klarte vi å holda nullen igjen. I det siste speleminutt sprang Mathias i knallhard duell om ballen frå midtbanen, med Odda sin store og gode midtstoppar, der Mathias igjen blei lagt stygt i bakken, denne gongen innenfor 16 meteren: straffe. Mathias finta keeper og kunne smila igjen etter å ha fått unødigt mykje stygt spel mot seg i dag. Då klarte vi målet vårt så langt: puljevinnarar. No står Eidfjord cup for tur, deretter fotballskule, litt ferie, og bånn gass mot Norway-cup. Og så blir det spennande å sjå kva pulje vi kjem i frå haustsesongen.
Yngve.