G13 Rosendal-Nymark 1.divisjon
Gutane spela ein god kamp på kunsten i dag. Sjølv om resultatet blei 0-5, var det sant som trenerne frå Nymark sa: at resultatet ikkje stemte med banespelet og at vi faktisk vår vel så gode som dei, spesielt i starten på kampen. At dei hadde litt meir stang inn enn oss i dag var hovedforskjellen.
Vi hadde mange gode angrep og avslutninger på mål, og det var kun små marginer frå uttelling. Vi har sterkt fokus på å sjå bak resultatene, med vekt på arbeidsoppgavene og langsiktig utvikling for både enkeltspelar og laget, spesielt no i avd.1 i 1.divisjon, som er dei aller beste lagene i 1.divisjon.
Gutane kan vera stolte av prestasjonen i dag. Fleire av våre eigne viste at dei er vel så gode som gutta frå byen. Slik gutane framsto i dag fekk eg bekreftet at dei har godt av å utvikla seg på dette nivået. Vi hadde klare utviklingsmål før denne kampen og gutane viste igjen at dei utvikler seg heile vegen. Takk til Tina som var god dommer, og til publikum som bidrog positivt. Gjestene var imponerte over servicen med kake og brus etter kampen.
Yngve