G13 Rosendal-Odda 2: 9-3

Gutane imponerte igjen, med mykje godt spel og fine mål. Det var Odda 2 som stod på andre banehalvdel denne onsdags ettermiddagen. Ramma for kvelden var upåklagelig med strålande kveldssol, ei super grasmatta på stadion, ein forventningsfull gjeng på tribunen og sist, men ikkje minst: ein gjeng på 15 stk i kvite overdeler som var superklare for å visa nye sider av seg sjøl og laget. Og det gjorde dei!


Fokus, avtale og plan før kampen var at vi skulle la mange få prøva seg i ulike roller på banen (i forhold til kva dei er mest vant til), og at vi skulle framstå som eit lag med vekt på å gjera kvarandre gode. Måten gutane gjorde det på i dag syns eg var faktisk litt over mine eigne forventningar (og dei er ganske store). Det var kun gått 30 sekund av kampen før Torgeir og Mathias spela seg gjennom og det var kun centimetre frå at ballen trilla over streken, men keeper tok den. Men så gjekk det bare 20 sekund til før Kristoffer fyrte laus eit skudd og det stod 1-0.

At det gjekk heile 18 minutt før neste scoring viste at gutane måtte kjempa for uttelling i dag. Det var igjen Kristoffer som fyrte laus og då stod det 2-0. Det blei ikkje meir mål før det var gått halvtimen, men så kom det ein kjapp hattrick på 5 minutt frå Mathias. Først eit skudd i krysset, deretter etter klikk-klakk spel med Torgeir gjennom heile forsvaret og til slutt etter dribleraid og sikker plassering til side for keeper. Då stod det 5-0 til pause.

I 2.omgang viste mange av gutane gode takter på litt uvante roller. Spesielt Espen viste at han er minst like god framme på vingen som han er bakerst i midtforsvaret. Han viste gode takter med dribleraid og gode pasninger.

Olav stod godt i mål i 1.omgang, kom utpå i andre omgang og scora sikkert etter å ha blitt spelt fint gjennom etter 4 min. Det gjekk bare 1-1/2 minutt til før Olav spela gjennom Kristoffer som scora sikkert til 7-0.

Etter det fekk Oddagutane to kjappe mål før Mathias etter 14 minutt spela fint gjennomspel til Kristoffer som satte sin 4. scoring for dagen.

Odda fekk sitt 3.og siste mål etter 19 minutt, men det var Ian som fekk gleden av å avslutta scoringsshowet etter 30 min., etter glimrande forarbeid av Espen. Då stod det altså 9-3, etter mykje god jobbing frå alle sammen.

No gjenstår det bare ein kamp til før ferien: nemlig bortekamp mot Odda1. Det blir seriefinalen og det kjem til å bli både tøft og spennande.

mvh Yngve.