G13 Rosendal – Tertnes

G13 laget imponerte igjen med god kamp mot eit toppa og godt Tertnes 1-lag. Det var Tertnes som tok føringa og scora to gonger i 1.omgong, etter 13 og 25 minutter. Våre to på topp (Sondre og Mats) hadde også sine store sjansar då dei bl.a. var igjennom aleine med keeper etter 17, 20 og 32 minutter, men ein god keeper redda det som kom av skudd.


I pausen bytta vi litt på enkelte roller og blei enige om å holda lagdelane tettare med større innsats og vilje til å ta dei raske løpa som er nødvendige for å få det til. Vi hadde stor tru på at vi kunne ta dei i andre omgong, bare vi fekk ut potensialet vårt litt meir enn i 1.omgong.

Vi hadde mange farlige angrep og var nærme å scora mange gonger etter farlige dødballer (cornere m.m.) som er blitt eit veldig godt angrepsvåpen for oss. Etter 10 minutter fekk Kristoffer eit stjernetreff frå ca 35 meter rett i krysset. Eit kanonmål av dei sjeldne og opphentinga var begynt. Emil kunne ikkje vera stort verre og etter 15 minutt klemte han også til fra ca 20 meter i samme kryss: 2-2 og vi hadde litt overtak i kampen.

Etter 20 minutt putta Tertnes, og gjekk opp i 3-2 leiing. Gutane gav ikkje opp og etter 30 minutt vart Sondre spelt fint igjennom av Kristoffer og Sondre haldt seg kald og trilla ballen rolig forbi keeper:3-3, og eit sterkt resultat etter å ha lege under med både 0-2 og 2-3.

Det er og litt kult at vi no faktisk ikkje lenger er fornøyd med uavgjort resultat mot desse beste laga i 1.div., i dag hadde vi faktisk fortjent 3 poeng.

Yngve