G13: Rosendal/Uskedalen – Trio/Uskedalen3 0-1
Torsdag kveld var det duka for årets oppgjer på kunstgrasbanen. Trio3 har krusa gjennom haustsesongen utan eit tap og har vist at dei har eit knallgodt lag. Rosendalsgutane tapte 4-3 på bortebane og no var tida inne for å revansjera seg og påføra triogutane deira fyrste tap for sesongen.
Dei fyrste 10 minuttane hang vi ikkje heilt med og gutane var ikkje aggressive nok, dermed fekk Trio spela ball og etter 9 minutt satte dei inn 1-0 målet etter eit godt skot. Etter skoringa vakna rosendalsgutane og dominerte faktisk resten av kampen. No var det aggerssivitet og mykje godt spel.
Vi vann ballen høgt på banen og kom til sjansar etter sjansar. Det kan nemnast at vi hadde 2 skot i stolpe og 2 i tverrliggar, i tillegg hadde vi fleire skot på mål der ein god triomålvakt stod i vegen gong på gong.
Dei siste kampane har vi slete med å skåra mål, det sleit vi med denne kampen og diverre. Marginane har ikkje vore heilt på vår side, men det veit vi skal snu.
Stillinga enda 0-1, men vi ser at vi er fullt på høgda med Trio i denne kampen og det lovar godt for neste sesong. Ingen andre lag har sluppe inn berre eit mål mot denne gjengen så det er og eit moment å ta med seg.
Vi takkar gutane for kjempeinnsats og no skal Odda 1 få smaka på aggressiviteten tysdag 16. oktober på kunstgraset. Då skal vi og skåra mål !! 🙂
Desse var med:
Ola, Torbjørn, Lars, Jaran, Sebastian, Sander, Tord, Torstein, Jonatan og Marcus.
Trio har skreve eit lengre referat frå kampen, det kan lesast her: Referat frå il-trio