G14 2.divisjon Rosendal-Trio
Laget som består av ein god mix av både 98-modellar og 99-modellar, spela i kveld sin siste seriekamp for denne sesongen. Laget har hatt sterkt fokus på å utvikla seg til eit meir ballbesittande lag med vekt på kvart enkelt sin rolle og å gjera kvarandre gode. Alle dei frammøtte i kveld fekk sjå at laget virkelig har tatt store steg i rett retning i forhold til desse utviklingsområdene.
Gutane vann fortjent 6-0 etter scoring av Torgeir (2) (det var ein god måte å feira 13 års dagen sin på ->Gratla Torgeir !!, Kristoffer, Sondre, Marius og Håvard hadde 1 mål kvar.
Gutane følgte avtalt plan i dag og spela veldig disiplinert med god jobbing for kvarandre, det medførte at Trio ikkje hadde ein einaste farlig målsjanse i løpet av kampen. Gode Trio gutar blei frustrerte av at det stadig var minst to stykk kvitkledde rundt dei heile tida, noko som gjorde at Trio aldri kom til avslutningssjansar.
Når gutane i tillegg til å lykkas med den defansive jobben, også klarte å omstilla seg til offansivt spel med raskt pasningspel langs bakken og stadig produserte målsjansar, ja då var det faktisk slik at vi var nærmare 10-0 enn Trio var utligning i kveld.
No blir det viktig å heva oss endå eit hakk til neste kamp mot Trott som er neste motstandar i spelet om kretsmesterskapet.
Åsmund, Åge og Yngve.