G14 (7’er) Njardar/Tysnes – Rosendal/Uskedalen: 5-7

ÅRSBESTE av gutane som krona puljesigeren med den tjuande og siste seriekampen utan poengtap. Det er fantastisk bra gutar! Det var eit jamt oppgjer der vi slo eit veldig fysisk sterkt og godt spelandes lag. Det stod 2-2 etter 30 min. av 1.omgang. Oppladning til kamp var nok ikkje optimal med busstur på smale vegar og tyske gloser og grammatikk på fanget, der gutane øvde til neste dags tyskprøve. Vel framme blei det 10 min. til oppvarming og klargjering til lynrask retur for å rekka ferja heim etter kamp. I tillegg blei det som vanlig gjennomgang på viktige ting før kamp, som bl.a.: -ta gode val ved å unngå brudd imot (for då visste vi at N/T er effektive og gode). –spel raskt og effektivt og utnytt ubalanse hos motstandar.


–Torgeir som sentralt i midten bak, skulle etter brudd ta med seg ballen i romma og gå for skudd (samtidig som andre sikra bak han).  Kun 3 min. av 1.omg. var gått då Torgeir bryter i midtforsv., tar med seg ballen lynraskt og skyt så godt at keeper må gje retur. Der er Mathias våken frampå , vinn ballen og breisider den sikkert i mål: 1-0. Etter 10 min. viser N/T. at dei lar seg heller ikkje be to gonger. Veldig effektive og målretta i spelet sitt dei og, utnyttar den minste mulegheit og med godt spel utlignar dei til 1-1. Kun 1 min. etterpå gjer Torgeir det vi snakka mykje om før kampstart: bryt godt eit N/T. angrep, går opp med ball og skyt eit kanonbra skot knallhardt heilt nede ved stolperota: 2-1.

Ein veldig god prestasjon av Torgeir. N./T. har ikkje slutta å spela god fotball dei heller, og etter 15 min. sett dei inn 2-2 etter veldig bra spel der dei spelar godt både som lag og med individuelle prestasjonar. Kjell (Enes) som endå ein gong var ein glimrande sjåfør, og undertegnede syns akkurat no at det var ein veldig spennande og kjekk kamp mellom to gode lag som begge spela godt, men vi håpa at det rette laget igjen ville ta føringa. Og det gjorde vi i det 22.min., då Mathias slo gj.bruddspasning  i bakrom til Jarand, som viste musklar og kriga godt mot både keeper og forsv.spelar , klarer å pirka ballen slik at den triller over linja til 3-2. I det 32.min. var Jarand igjen frampå og jobba godt, vant ballen, drog seg til side og fyrte av i motsatt og lengste hjørne: 4-2 som heldt seg til pause. I pausen var det fokus på at vi ikkje skulle sleppa dei inn igjen i kampen, men gjera alt for å punktera kampen med å scora først.

Vi starta forrykande og kun etter 1 min. var vi nærme då Torgeir spela opp til Mathias som fekk ei tå på ballen som gjekk vidare til Kristian i bakrom, som skaut like utanfor. Etter 4 min. skaut Kristoffer i stolpen. Etter 6 min. kom eit av dagens høgdepunkt då Torgeir først sklitackla, før han rakk å komma seg opp igjen og vant ballen med seg videre, før han fant Mathias med pasning, som fortsette gode prestasjonar med først å dra av forsv.spelar med ein skotfinte før han fyrte av eit kanonskot i motsett kryss: 5-2. I det 10 min. var Mathias frampå igjen. Denne gongen med eit dribleraid der først 4 stk N/T. spelarar blei finta i tur og orden, og då kun keeper var igjen blei han like godt finta ut også før ballen blei trilla over streken til 6-2. Etter 12 min. viste Kristoffer og Mathias glimrande samspel der dei spela klikk-klakk veggspel gjennom heile forsvaret der K. til slutt skaut eit godt skot som ein god N/T.keeper måtte gje retur på, og då var Mathias der og fekk sin hattrick med å klina den i krysset til 7-2, og kampen var punktert.

Alle 10 stk. som var med fekk mykje speletid i begge omg. og vi slappa nok litt av i siste del av 2.omg., og då viste N/T. igjen at dei lar seg ikkje be to gonger ved den minste mulegheit. Dei reduserte 3 gonger i det 18., 26., og 30. minutt, etter mykje godt spel som gleda heimepublikummet. Med 5 min. igjen av kampen og to måls leiing tok gutane igjen ekstra sterkt tak i kampen, hindra N/T. fleire sjansar og skapte mykje sjølv med bl.a. mange skot i stolper og tverr. Vi vant endå ein sterk siger etter veldig godt spel av alle desse 10 gutane: Erlend S. (stod veldig godt i mål med raske og gode oppspel), Torgeir (svært viktig som sentral defensiv), Karsten og Martin (som vanlig jamne og gode på høgre back),  Emil og Kristoffer (gode på venstre sida både bak og framme), Mathias (svært viktig som sentral offensiv), Erlend F. (god med stor innsats både bak og framme på kant), Kristian og Jarand (jamne og gode med stor innsats på høgre kanten framme).  

På ferja heim blei det skryt for innsats med å motivera seg og gje alt i alle kampar frå start til slutt i serien. Mange av gutane har stort treningsframmøte og vore med på dei fleste kampane i serien. To stk. (Torgeir og Mathias) har spela alle 20 kampane. Vi har klart måla våre: vunne serien og i tillegg vunne alle (20) kampane. (Viss vi ikkje hadde så sterkt fokus på det andre målet, hadde vi kanskje heller ikkje klart det første målet….). No gjenstår semifinale i (krets)mesterskapet for 2.div. og der er målet vårt å gjera så godt vi kan, og få ut max av potensialet vårt. Då skal vi klara å leva med resultatet uansett kva det blir. Takk for ein glimrande innsats så langt gutar og gratulera med puljesigeren og 20 strake 3-poengere. Veldig bra jobba !!

Yngve