G14 er klare for årets høgdepunkt: Norway Cup
Vi har fått trent godt og er i rute. I løpet av den siste veka har vi fått viktige treningskamper mot interne lag. Først spelte vi mot både jenter 14 og jenter 16. Spesielt J14 gav oss god motstand og viste at dei virkelig kan overraske alle i N.C. Vi hadde overtaket og vant 3-1 etter 20 min (med eit litt redusert mannskap), men disse jentene viste seg å vera både tøffe og flinke, og er nok dei største favorittene til å nå lengst av våre lokale lag i N.C. J16-laget tok kanskje ikkje like seriøst på oppgaven, og vi vant tosifra mot dei. Dei kjem nok mykje sterkare tilbake i N.C. der dei skal spela 11-er fotball.
I kveld (tirsdag 23.juli) hadde vi generalprøven (før N.C.) mot G16 som stilte med mix av 1. og 2. laget (inkl. 2 stk. 96-mod. Som skal vera med i N.C.).
Vi hadde kun 8 gutar med oss i deg: Ian->keeper, Torgeir->midten bak, Emil->venstre bak, Karsten/Jarand->høgre bak, Mathias->midten framme, Sondre->høgre framme og Kristoffer->venstre framme.
Vi hadde avtale om å jobba knallhardt med 1. og 2. forsvarer rollene, slik at vi som lag kunne demma opp for disse stoore gutane. I tillegg var vi forberedt på å justere presset etter kampbilde, med utgangspunkt i lavt press. Vi klarte rett og slett å ta styringa fra første spark på ballen, tok føringa med raskt og enkelt spel og gjekk fortjent opp til 1-0.
Vi fekk ikkje suga lenge på den karamellen, for G16 gutane likte ikkje å liggja under og utligna til 1-1. Men G14 hadde meir på lager og viste at det ikkje bare var eit skremmeskudd i starten.Faktisk så var det G14 som hadde føringa gjennom heile kampen, og klarte å gå til pause med 2-1 leiing.
G14 gutane var svært slitne i pausen då vi kun hadde ein innbyttar, mens G16 var mange fleire og fekk meir rullering. Men litt vatn og peptalk gjorde susen og jammen åpna vi med å auka til 3-1, før G16 starta opphentinga, først til 2-3 og deretter til 3-3. Det var altså eit kampbilde som gav oss god trening både offensivt og defensivt i dag. Men vi kunne ikkje gje oss heilt enda, og klarte enda ein gong å ta føringa til 4-3.
Men G16 gutane ville og vinna dette prestisje oppgjeret, og kom enda ein gong tilbake og utligna til 4-4. Skikkelig bra underholdning for dei frammøtte blei det altså, men det var langt frå slutt endå. Jammen klarte ikkje G14 å dundra ballen i nettet endå ein gong (på disse små 7-er måla) og gjekk med det opp til fortjent 5-4 leiing. Det stod kun 10 sekund igjen av kampen då G14 fekk frispark for angrep på keeper.
Ein G16 spelar holdt nok ikkje den avstanden han burde på frisparket og då keeper noko uheldig sentra ein kortpasning var G16 spelaren der og utligna til 5-5 i siste sekund. G14 gutane gjekk skuffa av banen etter uavgjort resultat (så langt), etter ein kamp der dei heilt klart stod for det beste spelet. Men vi hadde fortsatt sjansen til å vinna, då vi som avtalt før kampen skulle ta straffespark ved behov (då det kan bli aktuelt for G16 gutane i N.C.).
Undertegnede hadde ein veldig god følelse for at dette kunne gå bra, med mange matchvinnarar (både til å skyta og til å redda) for G14. G16 hadde ein god keeper med stor rekkevidde som dekka mykje av det vetle 7-er målet, men gutane gjorde jobben sin og vant (enedelig) fortjent til slutt 4-2 på straffene.
Dette var ein veldig viktig og bra gjennomkjøring for oss og no ser vi fram mot N.C., der vi håper å få ut det beste av både enkeltspelara og laget, og då er målet alltid å vinne neste kamp.
Yngve