G14: Fana 3 – Rosendal, semifinale i kretsmesterkapet for 2.div.
Fanagutane vant 3-2, men dette var ein kamp vi hadde fortent å vinna. Vi fekk diverre tidleg i kampen to noko unødvendige baklengsmål, det eine etter at gutane stoppa opp ved det dei oppfatta som fløytesignal frå dommaren (offside), men då ballen trilla i mål så bles han ein gong til for mål.
På spørsmål vedr. dette i pausen hevda dommaren at det var fløytesignal frå nabobanen vi alle hadde høyrt. Meget tvilsomt, men slik blei det i alle fall. Men gutane gav aldri opp, hadde overtak i banespelet og produserte flest sjansar.
Vi fekk to mål etter kanonskudd i lengste kryss, først av Kristoffer like før pause, og deretter av Sondre 10 minutt før slutt. Dette laget som består av halvparten med 13 åringar, har gjort ein veldig god prestasjon, og kan ta ein velfortjent «vinterpause» med kun innefotball og alternativ trening (ski, basis m.m.) framover. No blir det tur til Peppes på gjengen, før vi igjen etterkvart kan retta fokuset mot innendørs cupane i vinter. Det blir nok spennande og kjekt.
Åsmund, Åge og Yngve.