G14 Harding-Rosendal/Uskedalen: 1-7
I dag skulle vi møta laget som i fjor var med i 7-er serie og gjorde det då så godt at dei vant heile kretsmesterskapet etter at dei vann pulja i serien sin. Det minna oss på kor bra prestasjonen vår i Eidfjord cup i fjor var, då vi nettopp slo dette laget i ein svært spennande semifinale, før vi til slutt like godt vant finalen også, mot eit godt Hovding lag. I dag var det ikkje 7-er fotball, men 11 stk. på kvar banehalvdel.
Harding gutane fekk ein flying start då dei fossa rundt på venstrekanten og satte inn 1.målet kun etter 35 sekunder. Vi blei ikkje stressa av dette, då det faktisk var 3.kampen på rad at vi kom på etterskudd. Vi fortsatte med vårt eige spel og tok gradvis meir og meir over kontrollen og produserte etterkvart mange sjansar etter mykje bra samspel.
Det gjekk 15 minutt før vi fekk vår første i nota. Det var etter eit raid og skudd frå Torgeir som keeper måtte gje retur på, og der jobba Jarand godt med å få ballen inn frå skrå vinkel. Etter dette var det mange som var svært nærme å scora mange gonger, både Kristian, Torgeir, Mathias, Emil og Martin, men det blei mange nesten med stolper, keeperparader, og like utenfor situasjoner. Men for Sondre sin del blei det heile 6 mål i dag, etter gode skudd og mange fine løp i bakrom, der mange var flinke med å slå gode pasningar.
I tillegg gjorde vi ein svært solid defensiv innsats og hindra fleire baklengs, slik at vi kunne gå til pause med 4-1, før vi til slutt vant 7-1 etter ein god laginnsats. Ørjan stod godt i mål, Espen og Erlend samarbeida som vanlig bra i midtforsvaret, Ian og Karsten spela offensivt og bra på vingbackane, Mathias tok eit stort defensivt ansvar, Torgeir fylte playmaker rolla (offensiv midtbane)veldig bra, Sondre var veldig effektiv og offensiv, Emil og Kristian bidrog med godt spel som breddeholdere og Jarand og Martin var flinke som møtande spissar og til å trua bakrom. Når vi då i tillegg hadde Kjell (Enes) som sjåfør blei dette ein flott søndagstur til Lofthus Road.
Yngve