G14 Harding – Rosendal/Uskedalen: (2-3)

Etter 1 1/2 time i buss var vi klare for oppvarming. Mange av gutane hadde slitne bein og var fortsatt litt utlada etter gårsdagens G16 kamp mot Trio, der dei gjorde ein kjempeinnsats og bidrog sterkt til seier. I tillegg låg faren med å undervurdera motstander og gløyma at det kreves 100 % innsats frå samtlige for fortsatt å vinna kamper.


Det starta jevnt der vi hadde dei fleste sjansane , men det var Harding som tok leiinga etter 10 min. Vi klarte ikkje å få flyt i spelet, tok dårlige valg og var for slurvete i pasningsspelet. Då mange også jobba alt for dårlig, såg det ikkje heilt bra ut i dag. Men så kom plutselig Torgeir langt ute på høgre sida og fyrte laus eit svært overraskende kanonskudd i motsatt kryss:1-1.

Men då vi fortsatt var altfor tafatte slapp vi Harding alt for lett til då dei auka til 2-1 etter 32 min. Då vi på overtid (36 min) er heilt aleine med keeper, men nok ein gong på utrulig vis ikkje klarer å score, går vi til pause etter ein svak 1.omgong. I pausen blir det sagt frå om endringer til 2.omgong og gitt melding om kva som krevst for å dra i land 3 poeng. Det går kun 1 ½ min før Olav og Mathias får til eit glimrande samspel der Olav flikker videre til Mathias som får balanse i regnskapet igjen:2-2.

Små endringar på roller i laget og betre kollektiv jobbing bidrar til at vi har klart flest målsjansar i 2.omgang, men det blir mykje stang ut. På kun 3 min. (17-19 min) har bl.a. Olav tre store målsjanser der stolpe og keeper står i vegen, og det begynner å virke uvirkelig at det fortsatt står uavgjort med kun 10 min. igjen av kampen. Men så i det 25.min. gjer Kristoffer slik han har gjort mange ganger før: skyt ein dupp rett over keeper til 3-2. Endeleg !

Det blir fokus på defensiv jobbing og holda stand siste min., men med utrulige sleivspark og dårlige basisferdigheter i bakre rekker blir det nokon pinefulle minutter langt på overtid, med ein dommar som Harding gutane i alle fall ikkje kan klaga på i dag. Gutane klarer å skjerpa seg, klarer å mobilsera akkurat nok til å dra i land tre nye poeng på ein dårlig dag med mykje «stang ut», og vi tar med oss det positive i det, samtidig som vi skal ta grep for å heva oss til neste kamp. 

Yngve