G14 med god kamp mot Solnut

G14 laget spela sin beste kamp på lenge og vann fortjent 8-0 mot Solnut, etter 4-0 til pause. G14 laget har ein noko tynn stall og har derfor med spelara frå G13.


G13 spelarane som var med i denne kampen var Olav, Torgeir, Sondre og Mathias, og dei gjorde alle ein veldig god innsats, i sammen med resten av ein god G14 gjeng: Kjartan, Anders, Torbjørn, Jonas Are, Marius, Cato, Audun, Simon og Håvard. Måla i denne kampen blei scora etter mykje fint spel av Håvard (4), Marius (2), Sondre (1) og Simon (1).

Det var spesielt kjekt å sjå måten dei gjennomførte kampen på med mykje flott samspel og variasjon i spelet. Neste heimakamp er allerede f.k. tysdag 3.sept. kl 18.30, då er det 7'er mot Odda og gjengen har svært lyst på revansje frå forrige kamp i Odda. Fortset dei i samme stilen som sist så kan ein ikkje sjå vekk frå at det skjer !!

mvh
Åge & Yngve