G14: Njardar/Tysnes-Rosendal/Uskedalen
N./T. stilte eit sterkt lag , med fysisk sterke spelarar som spela mykje bra fotball. Vi merka straks at vi ville få ein tøff kamp og var usikre på om vi ville klara å slå dette laget som så langt var ubesira på sin eigen berykta heimebane. Det blei bånn gass frå start med knallhard kamp om kvar einaste ball.
Begge lag hadde sine sjansar, men med gode keepere i begge mål gjekk det 13 min. før vi klarte å få hull på bullen etter mykje raskt og bra samspel som avtalt. Det var etter samspel mellom Mathias, Emil og Sondre at vi fekk 1-0 leiing. Krigen fortsatte og då vi var for ubesluttsomme i eige angrep, fekk vi kontringsbrudd i mot og då var N./T. effektive og det stod 1-1 etter 20 min. 4 min etterpå tok vi igjen føringa då Mathias drog seg fri og fyrte av til 2-1. Kun 1 min. etterpå gjorde Emil seg klar for frispark og lurte muren ved å klina ballen i nærmaste kryss: 3-1.
No var vi virkelig i støtet og i det 28. min. la Emil corner som Mathias flikka videre med hælen på forunderlig vis til 4-1. Etter 30 min. hadde Mathias stolpeskudd og like etterpå la Emil eit bananinnlegg som like godt gjekk i mål, då keeper blei forstyrra av Sondre. Etter 34 min. scora vi til 6-1 då Mathias spela Ørjan fri med keeper, og då var Ørjan kald som ein fisk og avslutta ein svært effektiv 10 min. periode, som gjorde at vi gjekk til pause med 6-1 leiing.
N./T. øyna fortsatt eit håp om ein snuoperasjon i 2.omg. og reduserte etter 8 min. til 2-6. Men vi hadde og meir på lager og 2 min. etterpå tredde Mathias igjen ballen gjennom til Sondre, som auka enkelt til 7-2. No bølga det fram og tilbake med mange sjansar for begge lag. N./T. scora til 3-7 etter 11 min., før vi gjekk opp til 8-3 ved Sondre etter 17 min., då Erlend var kjapp og rask med kast som traff Sondre fri i bakrom.
N./T. svara til 4-8 etter 18 min., og vi satte inn 4-9 etter 22 min., før N./T. satte kveldens siste til 5-9 på overtid etter 37 min.
Dette var ein ganske jevn og kjekk kamp der vi møtte god motstand og vi spela mykje rask, effektiv og god fotball. Vi er der vi bør vera no, med fortsatt litt å jobba med, men stort sett mykje bra.
Yngve