G14 Odda 2 – Rosendal/Uskedal 0-7
Då var vi i gong igjen, og første seriekamp var mot Odda 2 på kunsten i Odda. Dei som var med i dag var: Ørjan Hjelmeland, Jarand Naterstad, Martin Yri, Mathias Guddal, Ian Bjørke, Sondre Myklebust, Emil B. Berntsen, Kristoffer Eskeland, Torgeir Bøyum, Erlend Seglem, Kristian Enes og Espen Mikal Alfarnes.
Målet vårt denne sesongen er å vinna pulja og kvalifisera oss for spel om kretsmesterskapet. I tillegg vil vi gjera det like godt (eller betre) på cupane som forrige sesong. Samtidig skal vi ha fokus på fortsatt utvikling av både enkeltspelara og laget, med vekt på at alle får endå meir erfaring med å spela i ulike posisjonar/roller, ved at vi bytter mykje på rollene (forsvar, midtbane og angrep). I tillegg er det videre utvikling av kollektiv samhandling som vil stå sterkt i fokus, med vekt på pasningskvalitet, bevegelser uten ball, timing og samarbeid m.m.
I denne kampen fekk alle prøva seg i minst to ulike posisjonar kvar i løpet av kampen, og vi var tålmodige og lot oss ikkje stressa om ikkje alt gjekk heilt på skinner. Vi hadde stor kontroll i kampen og vann uten det heilt store spelet i dag. Det blei 7 mål på gutane i dag, scora av Kristoffer (3), Jarand (2), Torgeir (1) og Sondre (1). Martin, Ørjan og Jarand bytta på å stå i mål og gjorde alle ein god jobb som sisteskanser. No ser vi fram til første heimekamp mot Harding f.k tysdag.
Yngve