G14 Odda 2 – Rosendal/Uskedalen: 2-4

Med ein del forfall like før avreise tysdag kveld var vi kun 11 stk. som var klare i dag. Heldigvis hadde G12 kamp i Odda like før oss, og vi fekk ordna det slik at to av dei kom og bidrog for oss på kunsten inne i Tyssedal. Odda hadde med seg fleire (5 stk.) frå første laget og gav oss kamp heile vegen.


Vi hadde sterkt fokus på at vi skulle ta føringa i kampen og unngå å komma bakpå. Det klarte vi då Jarand allerede etter 2 1/2 min. fekk godt treff etter klarering og skaut frå ca. 14 meter rett i nota:1-0.

Det blei lange perioder med stillingskrig og sjanser til begge lag. Odda var nærme med skudd like utenfor etter 16 min.. I det 26.min. utligna Odda til 1-1 då midtforsvaret vårt ikkje var raske nok med returløp og 2.forsvarerjobben. Odda hadde gode enkeltspelarar som var raske og effektive til å utnytta den minste feil frå oss med tanke på svakt press på ballfører og unøyaktig 2.forsvarerarbeid. Dette var grunnen til begge baklengsmåla og noko vi bør forbedra.

Vi klarte igjen å ta føringa før pause i det 29.min., då Jarand på høgrekanten spelte til Mathias, som igjen fant Emil godt plassert inne i boksen. Han tok seg god tid, drog seg forbi keeper og løfta ballen inn med presisjon og kraft som var akkurat nok til at fleire Odda bein ikkje rakk å unngå at det stod 2-1 til pause. I pausen tok vi grep med å skifta litt på roller for å få betre tak på midtbanen og for å få sentrale spelarar meir involvert. Alikevel var det Odda som åpna best i 2.omgangen, då vi ikkje var tett nok oppi ballfører og eit langskudd etter kun 2 min. suste inn til utligning og 2-2.

No tok gutane meir og meir tak i kampen, slo seg meir laus og skapte flest sjanser. Belønninga kom i det 18.min.. Då blei Tord (01 mod) sprungen rett ned bakfra og felt innenfor 16 meteren:straffe. Kristoffer gjekk fram og satte ballen slik han pleier å gjera på trening: sikkert til side for keeper, og vi var igjen i føringa med 3-2, men langt frå sikre på seier. I det 28.min. klarte Tord å slå ein kort pasning til Mathias inne i boksen, som lobba ballen kontrollert over ein utrusande sisteskanse og i mål.

Då først kunne vi pusta letta ut over at det såg ut til å gå vegen denne gongen også. Med god defensiv jobbing i sluttminuttane kom ikkje Odda til fleire farlige sjanser. Tre nye poeng og eit stort og viktig steg mot seriegull var i boks. Bra jobba gutar !!

Dei som var med i dag: Martin Yri, Ian Bjørke, Olav B. Lernes, Kristian Enes, Espen M. Alfarnes, Erlend Fredheim, Jarand Naterstad, Torgeir Bøyum, Kristoffer Eskeland, Emil B.Berntsen og Mathias Ø. Guddal. I tillegg fekk vi med to stk. 01-mod (som bidrog svært godt like etter dei var ferdig med sin 01-kamp mot Odda): Torbjørn Nes og Tord Guddal.

Martin stod igjen ein god kamp i mål, Ian og Olav spela endå ein solid kamp som radarpar i midtforsvaret (Ian smart og god langs bakken og Olav heilt konge i lufta), heile gjengen jobba bra og bidrog til at vi fortsatt står ubeseira. Vi får håpa at den statistikken held 3 kampar til (to heimakamper igjen f.k.fredag og tysdag og ein bortekamp tysdag neste veke). 

Yngve