G14 på Eidfjord cup
Med 10 gutar (Erlend Seglem, Martin Yri, Torgeir Bøyum, Karsten Haugland, Espen Mikal Alfarnes, Kristian Enes, Jarand Naterstad, Sondre Myklebust, Emil B. Berntsen og Mathias Guddal) reiste vi forventningsfulle til Eidfjord med eit visst forventningspress på oss sjølve i forhold til om vi kunne klara å gjera det like godt som i fjor, då vi gjekk heilt til topps.
Med to tette kamper allerede på fredagskvelden, reiste vi tidlig avgårde for å vera best mulig førebudd til første kamp. Vi hadde sterkt fokus på å gje alt i denne kampen for å få ein god start, som har vist seg å vera av stor betydning i turneringer som dette. Bulken (fra Voss) stod på motsatt side på ein stor og skeiv bane (i Simadalen) med høgt og vått gras.
Det var skikkelig tung bane å spela på, men gutane jobba veldig bra og var innstilte på å ta føringa med ein gong. Vi tok raskt leiinga etter høgt press allerede etter 1 min., men deretter blei det ikkje fleire mål i 1.omg. Bulken opna friskt etter sidebytte og utlikna allerede etter 2 ½ min. Gutane tok på alvor peptalken i forkant om at vi skulle gje alt for 3 poeng i denne kampen. Alle jobba som heltar og fekk lønn for steinhard jobbing. Vi kunne gå av banen med ein velfortjent 4-1 seier med mål etter 6, 7 og 10 min. Då var det kjapt på plass i bilane, med banan og saft i neven for å kjøra til stadion for straks å spela neste kamp.
Finalemotstander frå i fjor, Hovding, var heiltente på revansje. Dei fekk endelig eit plaster på såret som dei har slitt med eit heilt år. Dei var heldige og fekk eit lettkjøpt mål allerede etter 1 min. , og vi klarte ikkje å scora i denne kampen. Dermed blei det eit surt og noko urettferdig 0-1 tap i andre kamp.
No var det endelig tid til å kvila trøtte bein og gutane var flinke til å komma raskt til ro for å lada opp til neste dags to viktige kampar, der vi måtte ha fleire poeng for å komma oss til semifinalen. Med Harding i første kamp på lørdag, visste vi det ville bli tøft, då dei hadde slått Hovding 3-0. Men med utkvilte bein var gutane igjen tilbake i flyten med eit forrykande spel, der Harding gutane blei feid av banen med 0-6 i bagasjen. Enda ein veldig god lagseier der alle spela veldig bra. No hadde vi berre ein kamp igjen og var allerede sikra plass i semifinalen før denne kampen.
Siste kampen i pulja gjekk mot Kringlebotn som er eit meget godt 1.divisjonslag frå Bergen, med spelarar på kretslaget. Dei hadde ein brei, jamn og god tropp som vi klarte eit godt 2-3 resultat mot etter ein god kamp, der vi hadde lite fokus på å toppa laget, men der alle fortsatt fekk mykje speletid.
No var vi klare for semifinale og det blei ny kamp mot Harding (slik vi hadde håpa på då vi følte vi hadde eit godt tak på dei). Dei var ikkje like godt fornøyd med det og det med god grunn, for dei måtte tåla å bli rundspelt endå ein gong, då vi vant lett 4-0 uten å slita oss ut meir enn nødvendig.
Då hadde vi klart to delmål på vegen, både semifinale og finalespel. Før finalen mot eit svært godt Kringlebotn lag, fekk gutane beskjed om at dei kunne vera stolte av innsatsen uansett resultat i finalen. Vi la taktikk med vekt på tålmodig og lavt press og ligga kompakt med raske kontringer, mot dette veldig gode spelande laget som ellers lett ville ha rundspelt oss. Vi hadde sett at dei åpna litt rolig i starten av kampane, så vi hadde ein plan og tru på at vi kunne overraske dei med to raske baklengs for deretter å organisere oss endå meir kompakt og kynisk defensivt. Vi var svært nærme med å lykkes med nettopp dette, då vi tok leiinga etter 2 min., etter at vi også hadde skudd i tverrligger etter 1 min.
Då vi i tillegg fekk eit noko uheldig sjølmål i mot oss etter 6 min., blei det uavgjort 1-1 til pause. I pausen var det fokus på at vi skulle prøva å pressa kollektivt litt høgare i banen, men gutane sleit med å få det til mot dette gode laget som gjekk opp til 3-1 leiing.
Då satsa vi med alle mann opp og kun ein tilbake i eit siste forsøk, og vi var nærme utligning, men til slutt punkterte dei kampen med to mål til, og vi kunne vera fornøyd med at vi gav dei så god motstand såpass lenge som vi gjorde. Vi fekk vist at vi har hatt god utvikling det siste året der vi no bl.a. rundspelte Harding, som vi sleit skikkelig med i semifinalen for berre eit år siden.
I år vant vi sølv og er veldig fornøyd med innsatsen. Bra jobba gutter !!!
Yngve