G14 Røldal-Rosendal/Uskedalen (2-7)

Med Kjell (Enes) bak rattet og ein sprudlande gjeng (Martin, Karsten, Erlend F., Erlend S., Ian, Kristian, Torgeir, Kristoffer, Sondre, Mathias og Espen) i bussen, var vi framme på ein, to, tre, der kjekke folk venta på oss med ei viss spenning om dei no var klare for å slå oss, etter at dei hadde vunne alle kampene så langt i haustsesongen.


Dei første 10 minuttane bar preg av å vera ein stillingskrig der det var ganske jamt. Men etter 10 min. fyrte Karsten av eit skudd som spratt i grusen framfor keeperen som noko dekka ikkje klarte å reagere kjapt nok: 1-0. Etter  15 min. drog Mathias seg laus til høgre og skaut i motsatt kryss: 2-0.

Røldal slo tilbake etter 23 min og reduserte til 1-2. Vi klarer å auka til 3-1 i det 28.min. då Kristoffer slår godt innlegg til Mathias som aukar til 3-1, som står seg til pause.

Gutane går til 2.omg. med avtale om å punktera kampen raskast mulig med å scora tidlig. Med stor innsats får vi mål allereie etter 1 min. då Kristoffer krigar godt og bryt på midtbanen, drar seg gjennom og fyrer av skot som keeper gjer retur på, der Sondre er våken frampå og sett inn 4-1.

Røldal kjem seg aldri til hektene igjen etter den sjokkåpningen av 2.omg. Vi fortsett med godt spel og det blir meir og meir einvegskjøring. Etter 4 min. slår Karsten ein god corner som det blir hedda sjølvmål på etter godt press av gutane.: 5-1. 6-1 kjem i det 10.min. då Sondre drar seg til høgre og slår markkrypar i motsett stolperot og inn.

Røldal får eit trøstemål  i denne omgangen også i det 22.min: 6-2. Siste målet kjem etter 28 min. spel etter eit veldig fint angrep der Mathias først finn Torgeir med pasning på høgre kanten og der Torgeir igjen slår glimrande innlegg som Ian sikkert breisider inn til 7-2 som blir sluttresultatet.

Kjekt å sjå at gutane i løpet av kampen klarer å spela betre og betre på eit ganske uvant (grus)underlag. Alle disse 11 som var med i dag fekk mykje speletid og alle gjorde ein god jobb. Martin og Erlend S. stod begge godt i mål, Karsten jobba veldig bra, Kristoffer spela teknisk bra, Torgeir rydda veldig godt opp, alle bidrog godt til ein solid lagseier endå ein gong. 

Yngve