G14: Røldal- Rosendal/Uskedalen 5 – 9
Bortekamp på grus mot Røldal er aldri noke ein bør ta lett på. Vi var spente på om vi ville returnere med fortsatt full pott etter denne kampen. Det ville bety at vi vi ville leda serien (uansett resultat i dei to siste kampane) etter denne vårsesongen. Vi tok leiinga allerede etter 3 ½ minutt då Emil fyrte av eit skudd som gjekk via ein Røldalsfot og i mål. Men Røldal utligna like etterpå til 1-1, før vi igjen tok føringa til 2-1 etter fint samspel mellom Espen, Torgeir og Sondre, der sistnevnte satte ballen i nota.
Røldal hadde ikkje tenkt å gje seg og utligna til 2-2 etter 20 min. Då vertene gjekk opp til 3-2 etter 26 min. og våre gutar oppførte seg rimelig tafatt, blei det ein liten tordentale frå sidelinja, og det var visstnok nødvendig såg det ut som, for til pause stod det plutselig 7-3 i vår favør.
Etter 31 min. kom vår utligning til 3-3 etter dribleraid frå Mathias, der han til slutt spela ballen til Sondre, som aleine med keeper satte ballen sikkert i mål. Kun 2 min. etterpå tok vi føringa igjen då Kristian skaut via ein Røldalsfot til 4-3. No var vi i gong og det gjekk kun 1 ½ min. igjen då Mathias slo ein langpasning i bakrom til sondre, som igjen satte ballen sikkert i mål til 5-3. Neste mål kom etter at Kristian kom seg fint rundt på kanten og la flott innlegg som Sondra møtte med pannebrasken til 6-3. Siste målet i omgangen kom etter fin gjennombruddspasning frå Emil, der Sondre putta i kjent stil til 7-3.
I 2.omgangen scora Røldal først etter 14 min. og reduserte til 4-7. Etter 31 min. var Sondre aggressiv og pressa bakerste mann og kriga inn 4-8. Etter 38 min. var det igjen fint samspel der Jarand (som keeper satte i gong eit raskt og bra angrep, som Karsten følgde opp med godt driv og fin pasning til Mathias, som satte ballen sikkert forbi keeper til 4-9. Siste målet fekk Røldal på overtid (41 min.) og med det blei resultatet 5-9.
Vi kunne reisa heim igjen etter ein kamp der vi både gjorde mykje bra, men og ein del vi bør forbetra oss på om vi skal hevda oss i cupane i sommar.
Takk til sjåfør Ragnvald (Myklebust) for ein behagelig busstur. No er det kun to seriekamper igjen: Njardar/Tysnes borte og Trio heima.
Yngve